Organisasjonen som i juli publiserte 92.000 hemmelege dokument om Afghanistan-krigen, varslar no at ein ny giga-lekkasje er rett rundt hjørnet.
Denne gongen er det Irak-avsløringar som skal ut. Ifølgje nyheitsmagasinet «Wired» skal ein ny WikiLeaks-lekkasje av 392.000 klassifiserte Irak-dokument vera sett til den 18.oktober.
– Fullstendig urealistisk
Men datoen for det nye dokumet-utsleppet skaper kraftige gnissingar innad i WikiLeaks-korridorane.
Sentrale medlemmer blei førre månad rasande over å ha funne ut at grunnleggjaren, australske Julian Assange, i all hemmelegheit hadde gjeve einskilde medieorganisasjonar privilegiert åtgang til Irak-dokument og sett ein snarleg dato for offentleggjeringa, utan å rådføra seg med dei andre «Wiki-agentane».
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mange eks-medlemmer av organisasjonen meiner oktober er altfor snart.
– Datoen er fullstendig urealistisk, seier Herbert Snorrason til Wired.
Snorrason er ein islandsk universitetsstudent som inntil nyleg bistod organisasjonen med å administrera eit diskusjonsforum. Han er ein av fleire WikiLeaks-medlemmer som den siste tida har trekt seg i protest mot det som vert omtalt som feil prioriteringar og arrogant styring frå Assange si side.
Offentleggjorde kjeldene
Etter lekkasjen av Afghanistan-materialet i juli, blei «folkets etterretningsteneste» sterkt kritisert av menneskerettigheitsorganisasjonar og Pentagon for ikkje å ha anonymisert fleire personar som er omtalte i desse dokumenta.
- LES OGSÅ:
Bakgrunnen for den pågåande spliden skal særleg vera datoen for neste lekkasje, som Snorrason og fleire andre meiner ikkje vil gje WikiLeaks tilstrekkeleg tid til å fjerna namn på det amerikanske militæret sine kjelder og samarbeidspartnarar.
– Me fann ut at redigeringa som var gjort i forkant av Afghanistan-lekkasjen ikkje var tilstrekkeleg. Då gav eg ein klar beskjed til Assange om at redigeringsarbeidet måtte få meir merksemd før neste lekkasje, seier 25-åringen som også skal ha motsett seg Assange si avgjersle om å suspendere WikiLeaks` tyske talsperson.
- LES OGSÅ:
– Stikk av
Ifølgje Wired skal Assange ha reagert med å fortelja Snorrason at «eg er hjartet og sjela til denne organisasjonen. Dens grunnleggjar, filosof, talsperson, originale kodar, organisator, finansiér og det som elles er. Om du har eit problem med det - stikk av».
Wired skriv at minst seks medarbeidarar skal ha gjort nettopp det - tatt sin hatt og gått i løpet av dei siste vekene.
På nettsamfunnet Twitter avviste WikiLeaks tysdag alle påstandar om intern uro:
«Organisasjonen er framleis sterk, både økonomisk og i form av menneskelege ressursar. Ingen oppseiingar. Ein suspendert - for ein månad sidan».
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: