Hopp til innhold

- Eit mirakel at alle overlevde

- Det er eit mirakel at ingen har mist livet. Øydeleggingane her i byen og området rundt er enorme, seier statsministeren på New Zealand, John Key.

Statsminister John Key (t.h.) og ordførar Bob Parker ser på øydeleggingane i Christchurch.

Statsminister John Key (t.h.) og ordførar Bob Parker ser på øydeleggingane i Christchurch.

Foto: SIMON BAKER / Reuters

Jordskjelvet førde også til fleire brannar i Christchurch.

Øydelagde gassleidningar førde til fleire brannar i Christchurch etter skjelvet.

Foto: SIMON BAKER / Reuters

Det er erklært unntakstilstand etter at eit kraftig jordskjelv ramma den nest største byen på New Zealand, Christchurch og området rundt i går kveld norsk tid. Det bur rundt 350.000 menneske i byen.

Mange bygningar har rasa saman, bruer har kollapsa, kraftliner er øydelagde og dei fleste vegane er ikkje køyrbare.

LES OGSÅ: – Vi ble vekket av jordskjelvet

Redd statsminister

- Øydeleggingane gjer meg redd, seeier ein tydeleg rysta statsminister til Television NZ. Han reknar med at det er gjort materielle skadar for to milliardar NZ dollar, rundt åtte millardar norske kroner.

Video Her rammer jordskjelvet New Zealand

NETT-TV: Overvåkingsbildene viser hvordan jordskjelvet rammer New Zealand.

Det vart innført unntakstilstand og portforbod i sentrum av Christchurch mellom klokka 19 og 07 lokal tid, mellom 10 og 22 norsk tid.

- Det er enorme øydeleggingar. Dette har ramma alle familiar i byen, alle hushaldningar. Det er eit hardt slag mot infrastrukturen vår, mot vassforsyninga, bruene, krafttilførselen og vegane, seier ordføraren i Christchurch, Bob Parker.

Sjukehuset i byen opplyser at to menn er innlagde der med alvorlege skadar etter jordskjelvet. Den eine vart treft av ein skorstein som kollapsa, medan den andre vart kutta opp av glas.

Plyndring av butikkar

Politiet opplyser at det har vore nokre få tilfelle av plyndring av brutikkar, men at dei har greidd å stanse det.

Jordskjelvet har gjort store materielle skadar.

Mange husfasadar rasa saman i jordskjelvet i Christchurch.

Foto: SIMON BAKER / Reuters

Seint på ettermiddagen i dag hadde 90 prosent av husstandane i Christchurch fått tilbake straumen, medan rundt 80 prosent hadde tilbake straumen i områda rundt byen.

Styresmaktene førebur seg no på å transportere store vasstankar inn til byen. Dei fleste pumpestasjonane er ute av drift, og mange røyrleidningar vart øydelagde i skjelvet.

Slik ser mange huspiper ut i Christchurch etter skjelvet.

Det har gått hardt ut over skorsteinane i Christchurch.

Foto: David Wethey / Ap

Episenteret til skjelvet var nær landsbyen Darfield rundt 20 kilometer vest for Christchurch. Rektor på barneskulen der, Markham Mc Cullen, seier at skjelvet var ei forferdeleg oppleving.

Katten stakk av

- Eg vart kasta ut av senga. Skapet der vi har porselenet vårt vart fullstendig knust, bileta fall ned frå veggane, alt som var høgt oppe har ramla ned og katten vår har stukke av. Han er nok framleis på veg sørover, seier ein galgenhumoristisk McCullen.

Jordskjelvet målte 7,0. Det er eitt av dei ti kraftigaste skjelva som nokon gong er målte på New Zealand.

Video JORDSKJELV-040910-WW_MXF_Innboks.MP4

VIDEO. Sjå øydeleggingane på New Zealand.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt