Hopp til innhold

Lave forventningar til fredsforhandlingar

Verken palestinske eller israelske leiarar har stor tru på eit gjennombrot når fredsforhandlingane startar i Washington denne veka.

Barack Obama, Benjamin Netanyahu og Mahmoud Abbas

Statsminister i Israel Benjamin Netanyhau og den palestinske leiaren Mahmoud Abbas tar kvarandre i neven. Men sjølv om USA-president Barack Obama gjer eit forsøk på å skape fred, vil han neppe få det til, trur analytikarar.

Foto: Charles Dharapak / AP

Israels statsminister Benjamin Netanyahu

Statsminister i Israel Benjamin Netayahu seier det er opp til palestinarane om dei vil vere villege nok i fredsforhandligane.

Foto: POOL / Reuters
Palestinas president, Mahmoud Abbas

Den palestinske leiaren Mahmoud Abbas meiner det er Israel som no har sjansen til å få til fred.

Foto: POOL / Reuters
Israelsk protest mot Hamas

Analytikarar trur ikkje Abbas og Netanyahu har mandat til å skape fred uansett kva dei kjem fram til i samtalane

Foto: Thibault Camus / Ap

Både statsminister i Israel Benjamin Netanyahu og den palestinske leiaren Mahmoud Abbas har sagt seg villege til å gjere kompromiss i samtalane.

Les: Fredssamtaler i Washington

Men 17 år utan fruktbare fredsforsøk gjer at begge går inn mot møtet 2. september utan å stole for mykje på kvarandre, skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Mange skjær i sjøen

Netanyahu seier han håpar å kome fram til ein fred, men at han er klar over vanskane.

– Eg veit at det er mange skjær i sjøen, men det grunnleggande spørsmålet er om den palestinske sida er like villeg til å gjere framsteg som den israelske, seier Netanyahu.

Abbas meiner det er Israel som no må gripe sjansen.

– Israel må ta vare på denne historiske sjansen til å få til fred. Om det berre er éin prosent sjanse for å nå dette målet, vil vi kjempe for å nå det.

Les: Ingen forhåpninger til Obama

Tvilar på fred

– Vil denne politiske prosessen føre til fred? Mitt svar er nei, seier rådgjevaren til Abbas, Yasser Abed Rabbo til palestinsk radio.

– Forhandlingane vil bli sunnare med lågare forventningar, seier utanriksm

inisteren i Israel, Avigdor Lieberman.

Den første utfordringa kjem allereie 26. september, når ei 10 månader lang utsetting av israelsk bygging går ut. Abbas har truga med å trekkje seg frå samtalane om bygginga held fram. Netanyahu har sagt at ei ny utsetting ikkje kjem på tale.

– Manglar mandat

Uansett om dei to leiarane blir samde, vil eit stort gjennombrot vere vanskeleg å nå, trur den israelske analytikaren Yossi Alpher.

– Ideologisk har verken Netayahu eller Abbas den naudsynte posisjonen for å nå eit kompromiss, seier Alpher.

I koalisjonsregjeringa som Netanyahu leiar er det fraksjonar som truleg heller vil trekkje seg frå regjeringsarbeidet heller enn å gjere eit kompromiss om Palestina.

– Måtte alle motbydelege folk som Abbas forsvinne frå vår verd, har leiaren av det ultraortodokse partiet Shas, Rabbi Obadia Yosef, sagt i ein seremoni.

Sjefsforhandlar for palestinarane, Saeb Erakat, kalte dette ei oppmoding til folkemord.

– Er det slik den israelske regjeringa førebør folket på fredsavtalen, spør han.

Fryktar Hamas-angrep

Hamas skyt i lufta

Sikkerheitsstyrkar frå Hamas markerer at eitt år er gått etter at Israel gjekk til angrep mot Gazastripa vinteren 2009.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Også Abbas har utfordingar. Ifølgje analytikar ved universitetet i Tel Aviv, Mark Heller, manglar han kontroll på kvar tredje person som han skal representere.

Alpher fryktar at Hamas vil prøve å sabotere fredssamtalane med nye angrep frå Gazastripa.

– Ved å opne ein ny front frå Gaza, vil Hamas ha så godt som veto for dei vidare forhandlingane, seier han.

At USA-president Barack Obama deltek i samtalane, blir sett på som positivt for prosessen. Analytikar Mark Heller håpar amerikanaren vil presse hardt på for å nå ei delavtale.

Eitt mål kan vere å bli samde om grensene for ein palestinsk stat og tryggleik for Israel.

– Obama må sikre seg at alternativet til total suksess, som ikkje ser ut til å vere realistisk, ikkje er total fiasko, seier Heller.

SISTE NYTT

Siste nytt