Hopp til innhold

Publiserer logg frå Kaczynski-styrt

Polen publiserer dei hemmelege dokumenta frå cockpiten til flyet som styrta med den polske presidenten Lech Kaczynski om bord.

Flyet med blant annet Polens president Lech Kaczynski om bord styrtet ved Samolensk i Russland

96 personar omkom då dette flyet styrta like før landing.

Foto: TVP via APTN / AP

Polens president Lech Kaczynski var om bord i et fly som krasjet ved Smolensk airport i Russland

Den polske presidenten Lech Kaczynski var om bord flyet som krasja.

Foto: INTS KALNINS/ Scanpix / REUTERS

Polen fekk måndag ein kopi av loggen frå cockpiten utlevert frå Russland. I dag offentleggjer dei ei utskrift av opptaka av taleregistratoren.

Flyet styrta berre kort avstand frå rullebanen. Til saman 96 personar misste livet. I tillegg til president Kaczynski, omkom også fleire andre høgtståande polske politikarar, militære og byråkratar.

"Pull up, pull up"

Pilotane fekk åtvaringar frå varslingssystemet på flyet, som sa "Pull up, pull up... Terrain ahead" fleire gonger før flyet krasja. Det er ikkje klart ut frå dokumenta kvifor pilotane ikkje prøvde å gå høgare før det var for seint.

Ein av pilotane banna før flyet traff eit tre og vart snudd rundt i lufta før det krasja. Den siste lyden i opptaket er eit skrik frå ein ukjent person i cockpiten.

(Dokument på russisk og polsk. Engelsk oversetting i slutten av saka.)

Den første kontakten mellom cockpit og kontrolltårn skjedde ein halv time før flyet styrta. Det var då klart at tåke ville gjere det vanskeleg for flyet å lande. Pilotane fekk beskjed om at dei hadde nok drivstoff til å eventuelt avbryte eit landingsforsøk og deretter finne ein alternativ flyplass.

Smolensk

Flyet var på veg frå Warszawa til Smolensk.

Foto: NRK

Siste halvtimen

Kontrolltårn: Om de prøver å lande, vil de ha nok drivstoff til å nå til reserveflyplassen?

Pilot: Vi har nok.

Andrepilot: Vel, dei klarte det. Dei sa også at det var tåke. (Refererer til eit russisk fly som prøvde å lande i Smolensk, men måtte gi opp og fly til ein annan flyplass).

Sju minutt før flyet krasja gav piloten på ny beskjed til kontrolltårnet om at dei vil prøve å lande.

Pilot: Vi prøver å lande. Om vi ikkje greier det, vil vi gå opp igjen ved hjelp av autopilot.

Kontrolltårn: Frå 100 meters høgde, ver klar til å stige.

Pilot: Roger.

Tre minutt seinare får pilotane dei første naudmeldingane frå varslingssystemet. Enda tre minutt seinare blir opptaket brote.

En del av Tupolev Tu-154-flyet som styrtet under landing i Smolensk

Ein del av Tupolev Tu-154-flyet som styrta under landing i Smolensk.

Foto: NATALIA KOLESNIKOVA / AFP

På veg til minnemarkering

Etter flystyrten er det kome spekulasjonar om kva som var årsak til ulykka. Det har blitt hinta om at presidenten sjølv kan ha vore med å presse pilotane til å lande.

Den polske presidenten var seint ute til ei 70-årsmarkering til ære for 22.000 polske soldatar som fall under andre verdskrig då flyet styrta rett før rullebanen på flyplassen i Smolensk 10. april.

Dokumenta som no er offentleggjorde, gir ingen bevis på at presidenten har vore innblanda. Men tre minutt før flyet krasja var ein ukjent person inne i cockpiten og sa: "Han vil bli forarga om..."

– Å overlevere kopiane betyr ikkje at etterforskinga er over, seier den russiske visestatsministeren Sergej Ivanov. Sjølve opptaka vil vere i Russland til etterforskinga er ferdig.

– Treng ikkje samtykke

Polen offentleggjorde dokumenta i dag. Og den polske innanriksministeren Jerzy Miller seier det er opp til Warzawa om dei vil publisere dokumenta.

– Vi vil informere Russland på førehand, men vi treng ikkje samtykke for å gjere denne informasjonen offentleg, seier Miller.

Polen skal velje ny president 20. juni. Tvillingbroren til den omkomne presidenten, Jaroslaw Kaczynski, stiller til val.

SISTE NYTT

Siste nytt