Klarar ikkje den tsjekkiske regjeringa å finne ein ny statsminister som opposisjonen vil godta, blir det skrive ut nyval om nokre veker.
400 politifolk raida regjeringskontora
Regjeringskrisa – som blir meir og meir pikant – starta i forrige veke.
Antimafiapolitiet slo til om natta. Patruljebilar omringa fleire viktige departement i Praha, ein bank og fleire private firma.
Ved Statsministerens kontor arresterte politiet stabssjef Jana Nagyova. Ho vart ført ut i handjern og frakta vekk i ein politibil.
Det gjekk rykte om at statsminister Peter Necas svima av då han fekk høyre dette. Noko han avviste under ein pressekonferanse.
– Mine damer og herrar, først vil eg tilbakevise spekulasjonane om helsa mi, eg har ikkje kollapsa, sa Necas.
– I dag har eg hatt hendene fulle ved Statsministerens kontor. På noverande tidspunkt veit eg ikkje om mine tilsette er skuldige i lovbrot, men eg reknar med at statsadvokaten snart vil oppklare dette, sa statsministeren frå det borgarlege partiet ODS.
(Artikkelen held fram under bilete.)
Spiontoppar arrestert for maktmisbruk
I tillegg til stabssjefen vart seks andre sikta for maktmisbruk og korrupsjon. Tre av dei sikta var toppar i den militære etterretningstenesta.
Statsadvokaten ville ikkje gå i detalj om kva brotsverk dei var skulda for, men politiet kunne røpe at det var gjort interessante funn under razziaen.
– Vi fann 40 millionar kroner i kontantar og 10 kilo gull, avslørte sjefen for antimafiapolitiet, Robert Schlacta.
Statsminister Necas prøvde i starten å slå tilbake mot skuldingane. Han kritiserte politiet for unødvendig maktbruk under razziaen.
– Arrestasjonen av to generalar frå militær etterretning, folk som har tent landet sitt heile livet, som har kjempa mot Taliban i Hindukush, denne teatralske gesten kan berre skade Tsjekkia, sa Necas førre fredag.
«Mr. Clean»
Petr Necas hadde fram til skandalen kallenamnet «Mr. Clean», fordi han gjorde seg sjølv til ein frontfigur i kampen mot korrupsjon.
– Han er den minst «mafiaaktige» statsminister vi har hatt i tida etter kommunismen, skriv journalist Katerina Safarikova i ein kommentar.
Ho legg til at Necas, i motsetning til sine forgjengarar, ikkje prøvde å stoppe etterforskinga.
Og då detaljane i siktinga leke til nettavisene førre helg, kom Necas under eit enormt press. For siktingane overgjekk dei villaste spekulasjonane til den kulørte pressen i Praha.
Trekantdrama mellom statsministeren, stabssjefen og kona
Stabssjefen og statsminister Necas' næraste medarbeidar, Jana Nagyova, skal ha bedt militær etterretning om å spionere på tre personar.
Ein av dei var kona til statsminister Necas.
Det kom også fram at Nagyova og Necas hadde eit forhold, og at Nagyova hadde forlanga at Necas skilde seg frå kona.
Tsjekkisk presse har i over ei veke meska seg med detaljane om sjalusidramaet på toppen av tsjekkisk politikk.
Skuldar på Jehovas vitne
Nagyova sit no i varetekt, men seier via forsvararen sin til avisa Pravo at ho berre ville beskytte statsministeren.
For statsministerfrua hadde nemleg blitt hjernevaska av Jehovas vitne, ifølgje stabssjefen. Noko som potensielt kunne true rikets tryggleik.
I katolske Tsjekkia blir Jehovas vitne sett på som ei farleg sekt.
Forsvararen til Nagyova sa også at Nagyova vart djupt såra då ho fekk vite at politiet hadde avlytta telefonen hennar.
Ho syns det var ubehageleg at politiet visste om at ho og statsministeren hadde eit «intimt» forhold.
Statsminister med ryggen mot veggen
– Det er ganske openbert at eg ikkje kan halde fram som statsminister, eg vil også trekkje meg som formann i det demokratiske partiet, sa Petr Necas på måndag.
Men korrupsjonsskandalen handlar om meir enn spionar og elskarinner, meiner kommentator Katerina Safarikova.
– Det at den sjalu elskarinna til statsministeren spionerer på kona hans, er ikkje det største problemet vårt, skriv Safarikova.
Ho viser til at den mest alvorlege delen av siktinga har hamna i skuggen av trekantdramaet. Det handlar om grov korrupsjon.
Nagyova skal ha forhandla med leiarar i det statlege energi- og jernbaneselskapet CEZ, om kjøp og sal av stillingar i offentlege bedrifter.
Politiet mistenker også at den avgådde statsministeren Necas hadde handa i denne lukrative honningkrukka.
Tsjekkisk media meiner det berre er eit tidsspørsmål før Necas også blir arrestert.
(Artikkelen held fram under bilete.)
«Bananrepublikk»
«Bananrepublikk» kalla den tyske avisa Berliner Zeitung like godt heile Tsjekkia etter skandalen.
Antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency International rangerer Tsjekkia som verre enn Costa Rica og Rwanda.
Og sjølv om den vanæra tidlegare statsministeren no ligg an til å ende opp i fengsel, fanga i sitt eige antikorrupsjonsnett, er det fleire i Tsjekkia som meiner han har starta prosessen med å rydde opp i dette sentraleuropeiske landet.
– Kanskje vil det kome noko godt ut av dette?
– Eg håpar på det, sjølv om eg tvilar. Det svarar tsjekkaren Antonin Valek til nyheitsbyrået Reuters som saumfarte gatene i Praha for å finne ut kva folk syns om stoda i tsjekkisk politikk då det stod på som verst.