Hopp til innhold

Bilar brann over heile Stockholm

Bilar stod natt til i dag i brann over heile Stockholm, og situasjonen mellom opprørarar og politi er spent.

Utbrent bil i Rinkeby, vestre Stockholm

UTBRENT: Ein utbrent bil i Rinkeby, vest i Stockholm

Foto: Eirin Aardal / NRK

Ungdommar samla seg på ny i gatene i Husby i Stockholm i natt.

Fleire bilar parkert i gatene, stod i full fyr, og fleire bygningar skal ha blitt påtende.

Stockholm-politiet har arrestert fire personar i natt. Ein av dei er mistenkt for grov mordbrann, melder SVT.

– Me har hatt utruleg mange brannar rundt om i løpet av kvelden og natta, og det er mange brannar som framleis ikkje er sløkt, sa Towe Hägg i politiet til SVT i natt.

– Skakande scener

Bebuarane i Kista er redde.

– Om det sett fyr på bilane, kan det jo ta fyr i trea og husa rundt, seier ein engsteleg nabo.

Atan har vore ungdomsarbeidar i området i tre år. Han er skaka over hendingane.

– Ei mor med eit spedbarn, ein tre år gamal son og hennar eldre mor sprang ut med vesker og koffertar, sette seg i bilen, køyrde av garde og gret. Det er skakande å sjå slikt, seier Atan.

Situasjonen er spent

Det skal ikkje ha skjedd samanstøytar mellom opprørarar og politi, men politiet sette inn store styrkar for å få halde kontroll på situasjonen.

– Uroa tysdagsnatta har ikkje vore like mykje vendt mot politiet som dei tidlegare nettene, men det har vore mykje folk som har blanda seg inn i arbeidet vårt, seier Hägg.

Bilbrann i Stockholm

FØRSTE I KISTA: I staden Kista har det ikkje vore bilar i brann tidlegare, men i kveld har opptøyane nådd den vesle staden.

Foto: Eirin Aardal / NRK

I den vesle staden Kista har det ikkje vore bilbrannar tidlegare, så folk var engstelege når også den ubebudde Husby Gård stod i fyr og flamme.

Frå forstadane Rinkeby, Skarpnack, Norsborg, Kista og Tensta kom det meldingar om fleire brannar i bilar og bygningar.

Då politiet rykte inn i sentrum av Norsborg etter melding om to bilbrannar, blei dei møtte av ungdommar som kasta stein.

Gard i full fyr

To kveldar på rad har innbyggjarane i Husby blitt plaga av steinkasting, hærverk og brennande bilar.

Gard brenn i Stockholm

GARD I FULL FYR: Husby Gard står i fyr og flamme og engstelege naboar samlar seg rundt.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Eit 70-tals ungdommar skal ha herja gatene mandag, men tysdag var det færre hendingar.

Natt til i dag blei sju personar gripne etter den valdelege natta i Husby i Stockholm. Alle var mellom 15 og 19 år gamle.

Sosial uro

Opptøyane skal ha starta som ein protest mot at politiet skaut og drap ein 69 år gamal innvandrar som truga folk med jungelkniv i Husby.

Kommentatorar meiner likevel det sit djupare enn dette, og at uroa er eit utslag av sosialt forfall og manglande satsing på utdanning.

Dei kallar det òg ein reaksjon mot styresmaktene som ikkje tek ansvar.

SISTE NYTT

Siste nytt