Hopp til innhold

Massiv auke av syriske flyktningar etter nyttår

2000 syrarar flyktar kvar natt frå borgarkrigen i heimlandet til ein jordansk flyktningleir på storleik med Kristiansand by. Med totalt 80.000 flyktningar og null politi begynner ørkenleiren å bli ein farleg stad.

I eit flatt, sandete ørkenterreng i Jordan, nær grensa til Syria,er det sett opp tusenvis av telt. Tett i tett, som eit teppe, dekkjer dei det brune underlaget.

Kvar natt blir teltbyen større. Fleire blir kroppane som treng varme, magane som treng næring og augo som febrilsk søkjer tryggleik.

– Mange av dei som kjem har heilt lukka andlete. Eg kan sjå at dei er traumatiserte og at dei har opplevd ting som har gjort eit veldig dramatisk inntrykk på dei, fortel generalsekretæren i Flyktninghjelpen Elisabeth Rasmussen til NRK på telefon frå Zaatari-leiren.

Eksplosjon etter nyttår

Talet på syrarar som flyktar frå den blodige borgarkrigen i heimlandet har eksplodert etter nyttår. Kvar einaste natt kjem det i gjennomsnitt 2000 nye flyktningar til ørkenleiren Zaatari i nabolandet Jordan.

Berre i løpet av dei seks første vekene av 2013 har 70.000 menneske funne vegen til denne leiren.

Sidan uroa i Syria tok til har heile 830.000 syrarar flykta til naboland som Jordan, Libanon, Tyrkia, Irak og Egypt, ifølgje FN.

I den jordanske leiren som blei etablert i juli i fjor er kapasiteten sprengd, og presset ser berre ut til å auka, fortel Rasmussen i Flyktninghjelpen, som har hjelpearbeidarar i leiren.

– Her er situasjonen fortvila på mange måtar. Det kjem mange fleire flyktningar enn det ein hadde rekna med og planlagt for. Systemet som er sett opp for å ta imot flyktningar nærmar seg bristepunktet. I leiren strekk ikkje ressursane til. Det finst heller ikkje kompetanse eller tryggingstiltak til å ta imot så mange. Eitt distribusjonspunkt er dessutan altfor lite til så mange menneske, seier Rasmussen.

Går til åtak på kvarandre i leiren

Når flyktningane kjem til leiren blir dei tekne imot av hjelpearbeidarar og plasserte i eit mottak der dei kan varma seg medan dei ventar på å bli registrerte. Deretter får dei utdelt rasjoneringskort og kan henta startpakken sin: telt, varmeomn, tepper, madrassar, naudhjelpspakke med diverse ustyr og ein hygienepakke. Deretter får dei tildelt teltplass og kan rigga seg til.

Men prosessen tek tid. Køane er mange og lange, medan luntene er korte hjå dei redde og trøytte flyktningane.

– Det er eit problem at mange av flyktningane er veldig aggressive. Det er forståeleg, ettersom dei har opplevde heilt groteske ting. Men det er eit problem at folk mistar kontrollen og går til åtak på andre når dei kjem hit, seier Rasmussen.

– Me har opplevd fleire gonger å måtte evakuera, å dra ut frå campen vår inne i leiren, legg ho til.

Flyktninghjelpen jobbar no saman med FN for å leggja press på styresmaktene i Jordan, slik at dei får på plass ein politistyrke til å halda ro og orden i leiren.

Noreg gir 210 nye millionar

Borgarkrigen i Syria starta som fredelege demonstrasjonar mot regimet til president Bashar al-Assad i mars 2011. Protestane utvikla seg til eit opprør, som har gått over til ein vedvarande og brutal borgarkrig i den arabiske staten.

Nærmare 70.000 menneske er drepne i kampane mellom regeringsstyrkane og opprørshæren Den frie syriske armé, ifølgje nye tal frå FN.

I tillegg til flyktningstraumen ut av landet, er over to millionar syrarar internt fordrivne i eige land som følgje av borgarkrigen.

Noreg forplikta seg nyleg til å gje 210 nye millionar i humanitær bistand til Syria. Inkludert årets bidrag vil Noreg ha gitt i overkant av 425 millionar kroner sidan konflikten starta.

Behov for éin milliard kvar månad

Utanriksdepartementet vil øyremerka eit bidrag på 60 millionar kroner for å hjelpa det vesle nabolandet Libanon og FN til å ta hand om flyktningstraumen frå Syria.

– Noreg rettar merksemda mot Libanon. Libanon er spesielt sårbar for negativ påverknad frå konflikten i Syria på grunn av store indre spenningar. Desse spenningane har tidlegare utløyst ein lang borgarkrig i landet, opplyser utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding.

Det er venta at 1,1 millionar syrarar vil ha flykta til nabolanda innan utgangen av juni.

Utrekningar FN har gjort viser at det er behov for meir enn 5,5 milliardar kroner til den regionale flyktningkrisa i løpet av første halvår 2013.

I tillegg trengs meir enn ein halv milliard dollar til humanitær støtte til fire millionar syrarar inne i Syria i løpet av det neste halvåret, ifølgje Flyktninghjelpen


SISTE NYTT

Siste nytt