Hopp til innhold

Skal ha brent koranen, blei brent levande

Ein rasande mobb braut seg inn på ein politistasjon i Pakistan og sette fyr på ein mann som var arrestert for å ha vanæra Koranen.

Mannen var ein reisande som skal ha vore i ein moské torsdag kveld, ifølgje ein imam i landsbyen Seeta i Sindh-provinsen i Pakistan.

Neste morgon fann ein berre restar av ein utbrent Koran.

– Måtte vere han

Imamen seier at mannen var åleine, og at det difor ikkje kunne vere nokon andre som kunne ha brent den heilage boka.

Landsbybuarar gjekk først laus på mannen og slo han før dei overleverte han til politiet.

Nokre timar seinare angreip ein mobb på rundt 200 menneske politistasjonen, drog mannen ut og sette fyr på han.

Politisjefen i distriktet opplyser at 30 personar er arresterte for ugjerninga, medan sju politifolk er arrestert for forsøming i tenesta.

Streng blasfemilov

Pakistan har ein av dei strengaste blasfemilovgjevinga i verda.

Minst 53 menneske er blitt drepne i Pakistan, skulda for blasfemi, sidan 1990.

Den mest kjende saka i år er saka om den 14 år gamle jenta Rimsha Masih som blei skulda for å ha brent koranen.

Den kristne jenta, som blir skildra som utviklingshemma, og mora hennar blei fengsla, og muslimane i landsbyen kravde at ho blei dømt for blasfemi.

Seinare blei ein imam arrestert og sikta for å ha planta den brente boka på jenta.

SISTE NYTT

Siste nytt