Utfordrar tek teten i polsk val
Utfordraren Andrzej Duda ligg an til å få flest røyster i første runde av presidentvalet. I ei valdagsmåling får Duda 34.8 pst. og den sitjande presidenten Bronislaw Komorowski 32.2 pst. oppslutnad. Ingen har fått over halvparten av røystene, dermed går det mot ein ny runde.