Hopp til innhold

- Umogleg å boikotte Burma

Vesten krev våpenboikott av Burma etter innesperringa av Aung San Suu Kyi, men dette blir truleg vanskeleg å få til i praksis.

Protest i London mot innesperring av Aung San Suu Kyi

Protest i London mot innesperringa av Aung San Suu Kyi.

Foto: SANG TAN / AP

USA, EU, og fleire europeiske land kjem med sterk kritikk av dommen på 18 månader husarrest mot demokratiforkjemparen og opposisjonsleiaren.

Vanskeleg å straffe

Statsminister i Storbritannia, Gordon Brown, tek til orde for eit verdsomfattande forbod mot sal av våpen til Burma, medan EU varslar «målretta tiltak» for å straffe dei som er ansvarlege for dommen.

Den norske Burmakomité sluttar seg til krava om våpenboikott, men BBC skriv i ein analyse at det vil bli svært vanskelig å straffe Burma. Årsaka er at nabolanda er mindre interessert i ein slik boikott enn vestlege land.

– Det vil kome mykje skarp kritikk mot Burma og oppmoding om felles handling, men utsiktene til ein formell verdsomfattande våpenboikott ser minimale ut, skriv BBC.

Rosar Suu Kyi

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fordømmer den fornya innesperringa av Suu Kyi og kallar dommen uakseptabel.

- Saka er ein farse og dommen er ein farse. Dette er eit umaskert forsøk på å prøve å halde henne utanfor politikken. Det skal vere eit såkalla val i 2010, og ho er den som vann eit demokratisk val sist, og som må haldast utanfor for ein kvar pris, seier han.

Støre er imponert over korleis Suu Kyi sto fram då meldinga om husarresten vart kjent.

- Verdigheita ho viste i dag, seier litt om kva slags formidable menneske ho er og kva slags kraft det ligg i den vevre kvinna som står imot militærdiktaturet, seier Støre.

- Ein klar vinnar

Valet skal etter planen finne stad neste år, truleg i mai. Husarresten gjer at Suu Kyi ikkje vil vere fri i tida fram mot valet.

Utanrikskommentator i NRK, Gro Holm, seier det er liten tvilom at Suu Kyi ville vunne eit fritt og demokratisk val i Burma.

- Veldig mykje tyder på at ho ville vunne eit fritt val. Vi veit ikkje kor sterkt opposisjonen står sidan det er lenge sidan det var eit opent val i Burma, men ho er ein symbolfigur og har nok veldig brei støtte blant befolkninga, slår Holm fast.

USAs president Barack Obama krev at Suu Kyi blir sett fri , og seier at ho aldri skulle vore stilt for retten.

EU meiner dommen er ulovleg, og generalsekretær i FN, Ban Ki-Moon, er svært skuffa. Han krev at alle andre politiske fangar i landet blir sette fri.

- Eg ber om at Suu Kyi blir lauslaten straks og utan særskilde krav frå Burma si side, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt