Hopp til innhold

13.500 evakuerte frå flammehavet

13.500 menneske flyktar frå heimane sine etter skogbrannen i California. 75 hus er øydelagde og 10 brannmenn er skadde.

Brann, California
Foto: ROBYN BECK / AFP

Meir enn 1.400 brannmenn kjempar mot flammane i delstaten vest i USA, skriv CNN.

Ytterlegare 3.500 menneske kan måtte evakuerast om flammane held fram med å speie seg. I dag er omlag fem kvadratkilometer råka av brann.

– Brannen spreier seg veldig fort og vi har ikkje kontroll, seier brannmeister David Sadecki.

Fryktar brannen når sentrum

Video nsps_upload_2009_5_8_11_12_15_273.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Arnold Schwarzenegger lover å stille opp hundre prosent (trykk på bilete for å sjå video).

Det var ein uheldig kombinasjon av varm vind og høge temperaturar som gjorde at flammane starta å spreie seg onsdag.

Styresmaktene fryktar no at brannen skal nå sentrum av byen, og guvernør Arnold Schwarzenegger har erklært unntakstilstand.

– Eg vil takke alle brannmedarbeidarane for at dei står på, seier han til CNN.

Han forsikrar innbyggjarane om at finanskrisa ikkje vil setje ein stoppar for sløkkjearbeidet.

– 75 prosent av kostnadane vert dekkja av regjeringa. Det vil ikkje stå på pengane, lova han, ifølgje New York Times.

Les også: 13.000 flykter fra flammehav i California

Stengde skular

Eg saknar dei dummaste tinga, som kaffipressa mi.

Geege Ostroff (65)

I går vart meir enn 9.000 grunnskuleelevar evakuerte frå skulane sine, og i bydelen Santa Barbara er 12 skular stengde.

Geege Ostroff (65) er ein av dei som er sikker på at han har fått huset sitt øydelagd av flammane.

- Eg saknar dei dummaste tinga, som kaffipressa mi. Eg ønskjer å vere heime, seier han.

Det herjar også ein skogbrann i Arizona, nær grensa til Mexico. Denne brannen har øydelagd tre heimar og påført ein av innbyggjarane tredjegrads-forbrenning.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.