Hopp til innhold

Skytedrama på finsk skule

Ti personar er drepne og fleire såra i eit skytedrama på ein yrkesskule i Kauhajoki vest i Finland.

Pansrede kjøretøy utenfor skolen i Kauhajoki
Foto: Jussi Mustikkamaa / AP

Gjerningsmannen skal ha skote mot politiet før han skaut seg sjølv, melder den finske statskanalen YLE.

Han blei frakta til sjukehus.

Høyrde fleire skot

Ein rundt 22 år gamal elev skal ha byrja å skyta vilt rundt seg klokka ti norsk tid. Han var kledd i svarte klede og kommandolue.

Fleire personar er drepne, og ein lærar fortel at eit titalls personar er råka av skot.

Video nsps_upload_2008_9_23_13_27_51_262.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Fleire elevar drepne i skotdrama på skule i Finland

Vaktmeister Jukka Forsberg fortel at gjerningsmannen gjekk inn i bygningen med ei stor veska. Kort tid etter høyrde Forsberg fleire skot inne frå skulebygningen.

Politiet fryktar at han kan hatt med seg ei bombe, melder den finske avisa Iltalethi.

Det har òg kome meldingar om at skulebygningen står i brann, men denne skal vera under kontroll.

Politiet i Kauhajoki har fått forsterkingar frå fleire politidistrikt for å assistera i skotdramaet. Samtlege av dei 200 elevane som går på skulen, skal no vera evakuerte.

Krisemøte

Sjukehusa i Seinäjoki, Tammerfors og Vasa har avlyst alle operasjonar i dag for å kunna ta seg av dei skada. Overlevande får òg tilbod om psykologhjelp.

Delar av den finske regjeringa har kome saman til krisemøte i samband med skuleskytinga.

Drap åtte personar

Dette er ikkje fyrste gongen det er skytedrama på ein skule i Finland. I fjor skaut og drap ein 18-åring åtte personar på ein skule i Tusby sør i Finland.

LES: Åtte drepne i skulemassakre

Video nsps_upload_2008_9_23_12_47_33_255.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Nytt skytedrama i Finland

Etterforskinga viste at gjerningsmannen hadde planlagt angrepet i fleire månadar.

Videoar på Youtube

På videotenesta Youtube finst det eit fleire videoklipp der ein ung mann skyt med pistol. Den nyaste videoen er lagt ut for eit par dagar sidan.

LES: Elev la ut skytevideo på nettet

Brukaren oppgir Kauhajoki som heimstad, men det er ikkje klart om det er eit samband mellom videosnuttane og skotdramaet.
Han var sist innlogga på nettstaden berre timar før skytinga starta.

SISTE NYTT

Siste nytt