Hopp til innhold

Kinderegg kan bli forbode

- Ungane klarer ikkje å skilje mellom mat og leiketøy, meiner politikarar.

Barn et kinderegg
Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Det kan bli slutt på sjokolade egg med leiketøy inni dersom barnekommisjonen til den tyske Forbundsdagen får det som den vil, skriv avisa Die Welt.

Cornflakes også i fare

Medlemmene av kommisjonen meiner ein bør leggje ned forbod mot Kinderegg og andre matvarer som inneheld leiker. Cornflakes er ei av matvarene som også står i fare.

- Barn ser ikkje forskjell på mat og leiker, seier barnepolitisk talsmann i PDF og medlem av barnekommisjonen, Miriam Gruss.

Ho har ingen oversikt over kor mange barn som kvart år sluker plastfigurane som er gøymd i sjokoladeegga.

Manglar bevis

Sjokoladeprodusenten Ferrero har laga Kinderegg sidan 1974, og sel fleire millionar egg kvart år. Dei påpeikar at det ikkje er noko som tyder på at mat og leiker er ein dårleg kombinasjon.

- Det finnes absolutt ingen bevis for at kombinasjonen av mat og leiker er farleg, seier Elise Glaab i Fererro.

Produsenten lagar 150 forskjellige leiketøy og 20 nye figurar til egga kvart år.

SISTE NYTT

Siste nytt