Hopp til innhold

- Stopp pengane til palestinarane

Innsamlinga av pengar til palestinarane må stoppast, meiner presidenten ved det palestinske Al Quds-universitetet.

Palestinere deltar på markeringen av seksdagerskrigen
Foto: LOAY ABU HAYKEL / REUTERS

- Israel bør sjølv betale for okkupasjonen. Gjevarlandspengane Noreg samlar inn, er berre med på å halde okkupasjonen i gang, seier professor Sari Nusseibeh, som også er president ved Al Quds-universitetet.

På ein gjevarlandskonferansen i fjor vart det bestemt at palestinarane skal få rundt 40 milliardar kroner i løpet av dei neste tre åra.

Les: 40 milliarder til palestinerne

No ber professor Nusseibeh gjevarlanda om å tenke seg om.

- Pengane til palestinarane lettar okkupasjonen for begge sider, seier professoren som er ein kjend intellektuell i Midtausten.

Israelarane slepp å betale for ansvaret dei har som okkupant, og dei okkuperte palestinarane merkar ikkje okkupasjonen skikkeleg, fordi pengane kjem inn i systemet likevel.

Sari Nusseibeh / NRK

I 2003 la han sjølv fram eit fredsinitiativ som samla ein halv million underskrifter frå både palestinarar og israelarar.

Han meiner gjevarlanda har tre alternativ i dag:

- Gjevarlanda bør stoppe pengehjelpa, bruke gjevarlandspengane på å integrere palestinarar i Israel eller krevje at leiarane på begge sider skriv under ein fredsavtale i løpet av dette året, seier han.

- Kjem det ikkje snart ein avtale, går toget.

SISTE NYTT

Siste nytt