Hopp til innhold

Irland ber om økonomisk hjelp

Den irske finansministeren Brian Lenihan anbefaler at landet ber om internasjonal hjelp.

IRELAND-EU-FINANCE-ECONOMY

Finansminister i Irland Brian Lenihan seier landet treng eit lån på fleire titals milliardar euro.

Foto: PETER MUHLY / Afp

Regjeringa i Irland har i dag vore i møte for å vedta ein økonomisk plan for dei neste fire åra.

Finansminister Lenihan avviste for berre ti dagar sidan at Irland ville be om kriselån.

Men dette har han i dag gått tilbake på.

– Irland treng hjelp

Irske aviser

Irske aviser er fulle av stoff om den økonomiske krisa i landet.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters
Ein tiggar ber om pengar i denne folketomme gata i Dublin

Ein tiggar ber om pengar i denne folketomme gata i Dublin.

Foto: Peter Morrison / Ap

Han anbefalar no å be om internasjonal hjelp, melder nyheitsbyrået AFP.

– Eg vil anbefale at regjeringa søkjer økonomisk krisehjelp frå EU og Det internasjonale pengefondet IMF , seier Lenihan.

Ifølgje kringkastaren RTE vil regjeringa skrive under på ein søknad seinare i dag.

Den formelle søknaden er venta i morgon.

Fleire titals milliardar

Lenihan seier det er snakk om fleire titals milliardar euro. Han avviser derimot at det skal vere så meir enn 70-80 milliardar euro (500 milliardar kroner), når RTE spør kor mykje Irland vil låne.

Irske bankmenn og politikarar har diskutert den finansielle situasjonen i Irland med EU, Den europeiske sentralbanken og IMF dei fire siste dagane .

Sterke reaksjonar

Annonsert grillfest på Bank of Ireland

Annonsert grillfest på Bank of Ireland. Det er neppe banken som har invitert.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Det irske folk og mange politikarar er kritiske til korleis regjeringa møter den økonomiske situasjonen. Fagrørsla åtvarar mot at situasjonen kan føre til bråk.

Avisene er misnøgde med regjeringa:

– De har snakka usant. De har svikta oss. For Irland; gå av! skriv avisa Sunday Independent i dag.

Dei meiner både Lenihan og regjeringa har vore uærlege i måten dei har omtalt samtalane med EU og IMF.

Tidlegare forsvarsminister Willie O'Dea skriv i avisa at regjeringa har øydelagt tilliten frå folket.

Fianna Fail-politikaren John McGuinness meiner eit nyval er på sin plass.

– Fianna Fail som parti må endrast, og det må bli skrive ut nyval, sjølv om det vil bety at partiet misser makta, skriv han i The Irish Mail.

Grafitti i Dublin

Ein fotgjengar passerer bankfiendtleg grafitti i Dublin.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters