– Vi snakkar om eit omfattande lån, det er sikkert. Det blir på fleire titals milliardar euro, seier den irske sentralbanksjefen Patrick Honohan til kringkastaren RTE.
Nøyaktig kor store lån det er snakk om, veit han ikkje.
– Det er ikkje opp til meg. Det er regjeringa som bestemmer til slutt., men eg ventar at det er dette om vil skje, seier han til nyhetisbyrået AFP.
Samtalar med EU og IMF
I dag startar samtalar mellom Det internasjonale pengefondet IMF, EU og Irland i Dublin.
- Les:
Dei skal diskutere korleis dei kan hjelpe den øydelagde banksektoren i landet. Det er frykta at Irland skal bli eit nytt Hellas, som allereie har fått pengestøtte frå EU.
Ventar på pengane
Irland har tidlegare
fordi dei fryktar vilkåra hjelpa kjem under. No kan det snu.– Vi ventar at forhandlingane vil effektive og at lånet blir tilgjengeleg for oss etter behov, seier Honohan.
– Dette er vegen å gå. Eg ser ikkje dette som spesielt urovekkjande, og det bør ikkje føre til endring i noko retning, legg han til.
- Les:
- Les:
- Les: