Hopp til innhold

– Fleire nordmenn vil støtta ekstrem islamisme

Talet på unge nordmenn som støttar ekstrem islamisme vil auka i åra framover, skriv PST i trugselvurderinga for 2012. Konvertittar er likevel ikkje under særskilt oppsyn frå norsk etterretning.

Islamister

FLEIRE EKSTREME NORDMENN: – For om lag ti år sidan såg me eit gradvis skifte der også personar med norsk statsborgarskap i større grad enn før blei dregne inn i ekstremistiske muslimske miljø med ein valdsforherligande retorikk, sier terrorforskar Brynjar Lia. Illustrasjonsfoto.

Foto: Eyad Baba / Ap

– Nei, me har ikkje eit særskilt fokus på konvertittar. Korvidt ein person har konvertert til islam eller ikkje, er uinteressant for oss. Det relevante er om vedkommande planlegg terror, fortel informasjonssjef i PST, Martin Bernsen.

I trugselvurderinga for 2012 slår PST fast at radikalisering vil prega trugselbiletet i Noreg også i 2012: «Vi forventer derfor en utvikling der flere unge norske borgere støtter en ekstrem islamistisk ideologi».

Spesielt sårbare

Martin Bernsen

FÅ KONVERTITTAR BLIR RADIKALISERT: Martin Bernsen i PST seier at det er uinteressant korvidt ein person har konvertert til islam eller ikkje. Det er få av dei som blir militante islamistar.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX
Terrorekspert Magnus Ranstorp

- SÅRBARE: Ifølgje terrorforskar Magnus Ranstorp er konvertittar spesielt sårbare overfor radikale krefter. Han viser til at desse personane ofte har eit svakt nettverk og lite kunnskap om islam.

Foto: Victor Lundberg / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN
Brynjar Lia

NY TREND: Terrorforskar Brynjar Lia fortel at det var eit skifte for omlag ti år sidan i kven som vart dregne inn i ekstremistiske miljø i Noreg.

Foto: NRK

Det er relativt få nordmenn som konverterer til islam. Av desse er det enda færre som blir militante islamistar.

Men ifølgje terrorforskar Magnus Ranstorp er konvertittar spesielt sårbare overfor radikale krefter. Han viser til at desse personane ofte har eit svakt nettverk og lite kunnskap om islam.

PST seier likevel at dei ikkje ser grunn til å halda norske konvertittar under særskilt oppsyn.

– Me har fokus på personar som reiser til konkliktområde og får trening til å gjennomføra terror-handlingar. Utgangspunktet vårt er om ein planlegg noko straffbart og får trening til det, opplyser Bernsen.

Jaktar på norsk konvertitt

For øyeblikket jaktar både PST, CIA og britiske MI5 på ein norsk 33-åring frå Oslo som konverterte til islam i 2008. Mannen blei raskt radikalisert og skal ha fått terror-trening i Jemen i regi av terrornettverket Al Qaida.

Ifølgje etterretningskjelder som nyheitsbyrået AP har snakka med, ventar nordmannen no på eit terror-oppdrag.

Med norsk pass, etnisk norsk utsjånad, plettfritt rulleblad og operativ trening, vil mannen kunne gå under radaren. 33-åringen blir difor rekna som ein stor potensiell fare.

Norsk politi kan likevel ikkje etterlysa eller arrestera mannen, ettersom det per i dag ikkje er straffbart å ta imot terrortrening.

Fleire norske ekstremistar

Det antas å være truleg noko i overkant av 100 muslimske ekstremistar i Noreg, ifølgje Brynjar Lia, som er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og ekspert på islamsk militant terrorisme.

Heilt fram til starten på 2000-talet var militant islamisme dominert av førstegenerasjonsinnvandrarar, gjerne med flyktningestatus her i landet.

Desse militante diasporamiljøa var avhengige av påfyll utanifra, og menneska som tok del i den hadde fokus på kampsaker i heimlanda sine, fortel Lia til NRK.

– Men for om lag ti år sidan såg me eit gradvis skifte der også personar med norsk statsborgarskap i større grad enn før blei dregne inn i ekstremistiske muslimske miljø med ein valdsforherligande retorikk, opplyser han.

– Dei siste fem åra har vi dessutan sett at kampsaker relatert til Noreg og norsk politikk har blitt eit sentralt tema i desse miljøa, seier Lia.


AKTUELT NÅ