Guro Slettemark er generalsekretær i Transparency International i Noreg, ein organisasjon som arbeider mot alle former for korrupsjon. Ho tek atterhald om at ho berre kjenner denne saka gjennom media.
– Eg synest det er ganske spesielt å blande omgrepet korrupsjon inn i denne saka. Denne løyvinga har berre handla om å førebyggje seksuell trakassering og ingenting anna, seier barne- og familieminister Audun Lysbakken i ein skriftleg kommentar til NRK.no
Lysbakken var i kveld på reise i Europa, og det var ikkje mogleg å få kontakt med han på telefon.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Kva gjer han vidare?
– Dette er politisk korrupsjon. Heile denne prosessen burde ha vore open. Eg har inntrykk av at Lysbakken har teke sjølvkritikk, men det endrar ikkje saka sin karakter. Det er viktig at han har
, men spørsmålet er kva grep han tek vidare, seier Slettemark.Ho peikar på at regelverket Lysbakken har vedgått å ikkje ha fylgt, nettopp er der for å hindre korrupsjon og fordelaktig behandling.
– Hadde han fylgt desse reglane, hadde det vore ein open og fair prosess. I staden er dette ureint trav. Og det er ekstra alvorleg at det er ein statsråd som står ansvarleg, seier ho.
– Feil på eitt punkt
– Departementet har handtert regelverket feil på eitt punkt, nemleg punktet om utlysing. Medieomtalen har viste at fleire organisasjonar kunne ha vore aktuelle mottakarar av desse midlane, og det burde dei ha fått sjansen til å søkje om. Det har eg beklaga, heiter det i e-posten frå Audun Lysbakken.
Han legg til at det må vere lov for både Sosialistisk Ungdom (SU) og andre politiske organisasjonar å argumentere for saker dei er opptekne av.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Må setjast i verk tiltak
Slettemark er oppteken av at det må setjast i verk tiltak for at det ikkje skal skje igjen, og at det er viktig at det blir rydda opp. Om det betyr at ein må starte heilt på nytt i tildelingsprosessen, det må departementet vurdere, meiner ho.
– Politisk korrupsjon er alvorleg fordi det rokkar ved det fundamentale demokratiske prinsippet vårt. Om det er nokon som har dei spesielle kontaktane som gjer at dei kan påverke utfallet av ei sak, då blir politikken vår styrt av andre omsyn enn det eit folkestyre skal, seier ho.
– Det er ekstremt viktig å vere medviten om kva rolle ein har, legg generalsekretæren i Transpparency Internnational her i landet. Guro Slettemark, til.