Hopp til innhold

Trude fryktar studieplassen glapp

Trude Dale (26) fryktar at datatrøbbelet på Samordna opptak gjorde at ho miste studieplassen ho hadde sjanse på.

Portalen til Samordna opptak

Hit, men ikkje lenger kom dei fleste som i morgontimane onsdag forsøkjer å komma seg inn på Samordna opptak sitt Restetorg.

Foto: Skjermdump

Ein av dei som har prøvd og prøvd utan hell, er Trude Dale (26). Dale har allereie søkt i Hovudopptaket på førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Bergen, men står førebels på venteliste.

Brukte to timar

Trude Dale

Trude Dale brukte to timar på å prøva å komma seg inn på nettsidene til Samordna opptak.

Foto: Privat

Ho ville difor inn på Restetorget for å registrera fleire studieønskje, men det blei vanskelegare enn ho hadde førestilt seg.

– Eg brukte to timar på å prøva å komma meg inn på sidene til Samordna opptak. Då eg endeleg kom inn, var ikkje det studiet eg leita etter på lista. Eg fryktar at det låg der tidlegare, men blei fylt opp medan eg streva med å logga inn, fortel Dale.

I år som i fjor har Samordna opptak vanskar med å takla den store pågangen av ivrige nordmenn som vil inn på Restetorget.

Restetorget er ei oversikt over studium som framleis har ledige plassar etter hovudopptaket. Torget vart opna for elektronisk søking klokka 09.00 onsdag morgon, og det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld.

Frustrasjonen var difor stor når Samordna opptak sine nettsider var i stampe i 2,5 time. På Twitter melder fleire om vanskar med å koma seg inn.

Klokka 12.50 var sidene tidvis oppe, men framleis går det treigt, og innimellom vert ein kasta ut igjen. Utover ettermiddagen betra situasjonen seg gradvis.

Pål Kalvsjøhagen

Pål Kalvsjøhagen kunne ikkje gjere anna enn å be folk om å vere tolmodige.

Foto: Samordna opptak
Enorm pågang

Det er den enorme pågangen som skapar problem, fortel informasjonsrådgjevar i Samordna opptak, Pål Kalvsjøhagen. Han sa dette til NRK i føremiddag.

– Me jobbar på spreng for å løysa problemet. Nokon kjem gjennom og får registrert seg, men det går veldig, veldig sakte, seier Kalvsjøhagen.

Også i fjor var det kluss i systemet då nettstaden opna Restetorget. Ifølgje Kalvsjøhagen er det i Samordna opptak sin server at feilen ligg, og ikkje hjå Altinn eller i ID-porten.

– Sårbart datasystem

– Me hadde ein grundig gjennomgang etter at nettstaden streika i fjor, og meinte at me hadde funne feilen. Det var difor venta at det skulle gå langt betre i år, men det ser ikkje slik ut no, opplyser informasjonsrådgjevaren.

– Me har eit litt sårbart datasystem. Det er utvikla over lang, lang tid og er i grunnen overmogent for oppgradering, legg han til.

Kalvsjøhagen oppfordra folk som vil inn på Restetorget til å smørja seg med tolmod.

– Prøv på ny, det blir heilt sikkert betre etter kvart.

AKTUELT NÅ