Hopp til innhold

Cappelen Damm-tilsette sende heim i frykt for demonstrasjon

I samband med at boka «Taushetens Tyranni» blei lansert i dag, har Cappelen Damm sendt heim alle sine tilsette i frykt for demonstrasjonar.

Demonstrasjon cappelen damm

Alle tilsette vart sende heim etter at politiet varsla om demonstrasjon utanfor lokala til Cappelen Damm forlag.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Me kan stadfeste at dei tilsette er sende heim av sikkerheitsgrunnar, opplyserTom Dahl, som er sekretæren til administrerande direktør i Cappelen Damm, Tom Harald Jensen.

– Me har bede våre tilsette om å avslutte arbeidsdagen i dag. Bakgrunnen for dette er at me har fått ei melding frå politiet om at nokon har planar om å demonstrera i dag.

Politiet opplyser at dei har gått i dialog med leiinga i Cappelen Damm om demonstrasjonen, men vil ikkje gå i detaljar om bakgrunnen for dette.

Boka «Taushetens Tyranni» blei lansert i dag, og er venta å skape kraftige reaksjonar. Grunnen er at 12 Muhammed-karikaturar er publiserte i boka.

Den kontroversielle boka, som først vart utgjeven i Danmark i september i fjor, inneheld dei same karikaturane som skapte kraftige demonstrasjonar i fleire muslimske land i 2008. Den er skriven av den danske journalisten Flemming Rose, og handlar om demonstrasjonane i 2005.

Rose var kulturredaktør i Jyllands-Posten under karikaturstriden.

  • HØYR:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger