Hopp til innhold

Ny leiting etter norsk professor på Hawaii

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Leitinga vart i dag tidleg lokal tid teken opp att etter ein sakna norsk professor på Hawaii. Mannen har vore sakan sidan laurdag.

Redningsmannskapa på Hawaii har leita etter den norske mannen sidan han vart meld sakna på laurdag, klokka 16.10 lokal tid.

Den sakna mannen er knytt til Universitetet i Oslo, men har det siste året vore gjesteførelesar ved eit universitet på Hawaii.

Den norske konsulen på Hawaii, Nina Hamre Fasi, stadfestar at leitinga etter den sakna nordmannen vart teken opp att i dag tidleg lokal tid. Det har ikkje kome nye opplysningar om den sakna nordmannen i løpet av natta, kan ho fortelje.

Honolulu-tid er 12 timar etter norsk tid.

Utan mobil

Saman med ei gruppe med maratonløparar var han om lag 13 kilometer på veg då dei stoppa for å drikke vatn. Nordmannen kom då bort frå gruppa.

40-åringen er ukjend i området. Han har ikkje med seg mobiltelefon eller mat og drikke, melder brannvesenet. Posisjonen hans er ukjend, så redningsmannskapa leitar i eit svært stort område.

Ingen i løpegruppa hadde kontaktopplysningar til nordmannen, og dei heldt difor sjansen open for at han drog tilbake til staden der han budde. Men han dukka aldri opp der.

Skulle ringje konsulatet

Konsul Nina Fasi seier at ho var i kontakt med professoren på torsdag, då han hadde spørsmål om den lokale 17. mai-feiringa. Nordmannen skulle ringe ho tilbake laurdag kveld, men det gjorde han aldri.

UD seier til NRK.no at dei kjenner til opplysningane gjennom media, og at dei undersøkjer saka.


SISTE NYTT

Siste nytt