Hopp til innhold

OUS om lange ventetider: – Det vil berre bli verre

Oslo universitetssjukehus får flengande kritikk for å la pasientar med behov for hjerneoperasjonar venta i over eit halvt år. Det vil berre bli verre, åtvarar sjukehuset når det får tilbodet om å svara for seg.

Oslo universitetssjukehus får flengande kritikk for å la pasientar med behov for hjerneoperasjonar venta i over eit halvt år. Det vil berre bli verre, åtvarar sjukehuset når det får tilbodet om å svara for seg.

Talsmannen til OUS, overlege Haldor Slettebø, har lite å seia til sjukehuset sitt forsvar når det gjeld lange ventetider for pasientar som treng hjerneoperasjon.

NRK har i dag og tidlegare fortalt om pasientar med behov for hjernekirurgi som må stå i kø i mange månader - sjølv om dei då risikerer varige mén.

Éin av dei er Judith Kjær. Ho er ufør og slit med ei rekkje plager som følgje av for høgt trykk i hjernen. I november 2012 fekk ho beskjed om at skulle på operasjonsbordet innan seks veker.

No har 63-åringen venta i sju månader og veit framleis ikkje kva tid ho får hjelp. Pasientombodet i Akershus meiner Oslo universitetssjukehus bryt lova, og har no varsla fylkeslegen om dei urovekkjande forholda ved nevrokirurgisk avdeling.

Judith Kjær
Foto: Hallgeir Aunan / NRK

OUS: – Blir verre og verre for kvart år

Når sjukehusleiinga får tilbodet om å svara for seg i eit intervju med NRK, sender dei overlege Haldor Slettebø, konstituert lokal leiar ved nevrokirurgisk avdeling på Rikshospitalet.

Slettebø varsla for knappe to veker Arbeidstilsynet om uforsvarleg arbeidsmiljø på avdelinga.

Om ventetida til Kjær og skuldingane frå pasientombodet har han lite å seia til OUS sitt forsvar - tvert imot.

– Det triste er at det blir mange fleire pasientar som Judith Kjær. Det dreier seg no om kanskje 1000 i året. Me veit at dette blir verre og verre for kvart år som går ved OUS.

Kapasitetmangelen går i dag særleg utover tre pasientgrupper:

  • rygg- og nakkeoperasjonar
  • operasjonar for høgt trykk i hovudet hjå vaksne
  • invalidiserande smerter i andletet

Avdelinga har no laga ein plan for å auka kapasiteten frå hausten. Den krev framleis godkjenning frå sjukehusleiinga og styret. Får den det, kan den tre i verk frå hausten av.

Blir planen vraka, spår han dystre utsikter for personar med behov for hjerneoperasjonar.

– Utan handling frå leiinga vil dette problemet berre veksa seg større og større. Fleire pasientar vil bli ramma – som kanskje er enda sjukare enn fru Kjær.

Det framstår som underleg at du blir send ut for å svara for denna saka når du sjølv er ein av legane som har sendt ut bekymringsmelding til fylkeslegen?

– Ja, det er rart. Sjukehusleiinga burde sjølv ha stått her og sagt dette. Eg gjer det fordi eg vil at me skal få ei løysing på denne situasjonen som er heilt uuthaldeleg både for pasientar, for personalet og for sjukehuset, svarar Slettebø.

Fryktar varige mén

Nevrokirurgisk avdeling, OUS

Kapasiteten ved nevrokirurgisk avdeling på OUS er så låg at rundt 1000 pasientar opplever ventetider på mange månader for hjerneoperasjonar

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Talsmannen for OUS fortel at sjukehuset kvar einaste dag sender heim pasientar med beskjed om at hjerneoperasjonen er avlyst, og at dei må koma tilbake om ein månad - eller tre.

Kvifor går det feil veg?

– OUS har eksistert i fire år. I nevrokirurgien har det vore full stagnasjon i operasjonsaktivitet sjølv om det blir fleire of fleire menneske i regionen, større behov for operasjonar og fleire tilbod som kjem i faget. Me har ein stor underkapasitet. For pasientane betyr det at ventetida er dobla til to år for visse operasjonar. Det er heilt utilfredsstillande og i mange tilfelle uforsvarleg, seier avdelingsleiaren.

Siste beskjeden Judith Kjær fekk frå sjukehuset, er at ho vil bli oppringd måndag.

Å venta i uvisse på kva tid ho skal få operasjon, gjer tilstanden til Kjær verre. Den store frykta er at ventetida vil gje henne varige mén.

Lege: Venting kan gje skadeverknader

– Eg har stor forståing for at pasientar som er kritisk sjuke må få prioritet, men det skulle ikkje vera naudsynt at eg må venta i eit halvt år, seier kvinna, som begynner å kjenna at situasjonen tærer på kreftene:

– Eg vil ikkje min verste fiende dette her. Eg veit at mange slit med for høgt trykk i hjernen og treng hjelp. Det er litt synd at me skal gå og venta.

Det er ikkje berre synd, men alvorleg at pasientar som Judith Kjær må venta i lang tid på hjernekirurgi, seier Arild Egge, som er tillitsvald ved nevrokirurgisk avdeling ved OUS.

– Éin ting er dei reine medisinske forholda. Me må anta at det kan ha skadeverknader å venta så mykje utover det me har sagt. Det andre er det reint menneskelege: det er utanfor all rimelegheit å skulle venta så lenge, meiner han.

AKTUELT NÅ