Hopp til innhold

– Juks og svindel i fiskeindustrien

I ei av dei største næringane i Noreg skjer utpressing og triksing med kvitteringar, fortel fiskarar i Nord-Noreg.

Johnny Johnsen

Johnny Johnsen sier fiskarer må bli betre til å dokumentere juks.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Eg har beviset her, seier Johnny Johnsen.

Han opnar ei brun skinnveske og tek ut tre dokument. Med svart tusj stryk han nøye over namnet på fiskaren og fiskemottaket: Ingen skal møte stengde dører fordi han snakkar med media.

Dokumenta beviser det mange fortel. Fiskarar blir lurt av fiskekjøparar.

Fann kvittering i papirkorg

Johnsen fortel at han fekk papira frå ein fiskar som fekk mistanke om at fleire hundre kilo torsk mangla på kvitteringa.

Fiskaren reiste tilbake til mottaket, og bad om å få sjå kva vekta hadde registrert. I ei papirkorg under bordet låg svaret.

– Vedkommande oppdaga det tilfeldig, og forlanga den såkalla greiderutskrifta. Der gjekk det klart fram at mottaket hadde stole 400 kilo. Dei kallar det for å redusere talet på kilo, men det er heilt ulovleg. Det er reint tjuveri.

Fiskaren gjekk på kontoret til sjefen og kravde å få betalt for fisken som mangla. Johnsen seier han har bedt andre fiskarar i Vesterålen prøve å dokumentere juks dersom dei kan.

– Eg synest det er forferdeleg skammeleg at dette skjer. Vi har historisk låge prisar, likevel skal dei stele frå oss, seier Johnsen.

Kvittering

KVITTERING I PAPIRKORGA: Fiskemottaket reduserte fiskemengden fra 2807,44 kilo til 2399 kilo med eit pennestrok.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Gav vekk ein halv million

NRK har vore i kontakt med fleire fiskarar i Nord-Noreg som fortel om ulovlege forhold i fiskerinæringa, men NRK kan ikkje dokumentere kor stort omfanget av fiskejukset er.

– Vi må gje frå oss alt for mykje, fortel ein fiskar frå Finnmark. Han vil ikkje stå fram med namn når han fortel om det han har vore med på i heile yrkeskarrieren sin.

– Eg har ikkje jobba eit einaste år utan ulovlege avtalar med fiskemottak.

Avtalene går ut på at mottaket får gratis torsk, mot at fiskarane får litt høgre pris på det som blir levert. I fjor gav mannskapet på seks 10 prosent av kvoten til fiskemottaket. Det utgjer eit tap på om lag 600.000 kroner.

– Fiskekjøparen har oss i si hole hand. Han kan sei kva pris han vil ha, og sette betingelsane. Vi må enten godta det, finne ein annan stad å levere til eller gå på land, fortel fiskaren, som reknar med at skipperen gjer same avtale med fiskemottaket i år og.

(Artikkelen fortset under artikkelen)

Kvittering

MISTA 400 KILO: Øvst til venstre er seddelen fiskaren fatta mistanke om var manipulert. Vektutskriften (til høgre) viser korleis fiskemottaket har redusert fangsten frå 2807 kilo til 2399 kilo . Nederst til venstre er kvitteringa fiskaren fekk etter å ha klaga.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Finnmarksfiskaren seier at skipperen hans fekk bøter to gongar i fjor.

– Ingenting stemde då kontrolløren stod på kaikanten. Vi hadde meir fisk om bord enn vi hadde meldt inn. Men det er ein sjanse vi tek, seier han.

– Blir pressa

Ein annan fiskar fortel at han har opplevd å ikkje få betalt for størrelsen på sjølve fisken, fordi den blir registrert som mindre enn den er.

Han seier også at han snakkar med andre fiskarar som kvar dag fortel at dei blir pressa til å levere meir fisk enn dei får betalt for.

– Ingen tørr stå fram, då misser dei inntekta si, seier fiskaren.

Han peikar på at prisen på torsk har gått drastisk ned, og at han må jobbe dobbelt så mykje for å ha same inntekta som for nokre år sidan.

Ein annan fiskar fortel at han veit hundre prosent sikkert at fiskekjøparane betalar for femten prosent mindre fisk enn dei får.

– Redde for å bli svartelista

– Eg personleg har aldri fått så mange telefonar som no dei siste månadene om det at mottaka underregistrerar og at fiskarane får for lite i forhold til det dei leverer, seier Einar Ellingsen, seksjonssjef i kontrollseksjonen til Fiskeridirektoratet.

Han fortel om telefonar frå kjøparar som taper i konkurransen fordi dei vil følgje reglane, men også frå fiskarar som vedgår at dei er med på juks.

– Fiskarane er veldig engstelege for å i det heile tatt få levert fisken sin. Dette er heilt klart kjøparen sin marknad og då må dei gå med på dette for å ikkje bli svartelista.

– Så dei blir trua til å vere med på det, på ein måte?

– Det er det mange som gjev uttrykk for, seier Ellingsen.

– Juks finst i kvar og ein bransje

Geir Ove Ystmark

Direktør i Fiskeri- og havbruksnæringa, Geir Ove Ystmark, seier dei kontaktar Fiskeridirektoratet når dei høyrer om ulovlege ting.

Foto: Sjømat Norge

Direktør for industri i Fiskeri- og havbruksnæringa, Geir Ove Ystmark, seier dei kontaktar Fiskeridirektoratet når dei høyrer om ulovlege ting.

Fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining organiserer ein stor andel av fiskekjøparane i Noreg. Ystmark, ser ikkje vekk ifrå at det finst enkeltilfelle av juks.

– Det vil det vere i kvar og ein bransje. Men det er ikkje rapportar på større eller meir omfattande uregelmessigheter i år enn tidlegare år. I den grad nokre aktørar på land eller sjø omgår regelverket, så er vi sterkt i mot det.

– Korleis arbeider foreininga for å hindre juks?

– Vi har spørsmål om etikk og gode kontrollsystem på agendaen fortløpande. I den grad vi høyrer om ulovlege ting, kontaktar vi Fiskeridirektoratet og Noregs råfisklag slik at dei har innsyn i det vi måtte vite, seier Ystmark.

– Må ha bevis

Tilbake i Vesterålen, meiner Johnny Johnsen i Øksnes Fiskarlag at fiskejukset har returnert etter å ha vore borte i mange år.

– For 15 år sidan var det heilt vanleg å bli juksa, men dei siste 10–12 åra har det ikkje vore så mykje av det. Tidlegare fikk vi over 20 kroner kiloen for torsk, likevel var det ingen som stal, seier Johnsen.

– Men no, med ein vanskeleg marknad i Europa, verkar det som om alle har fått panikk.

Han meiner fiskarar må bli betre til å dokumentere juks.

– Dei må ikkje berre klage på at det skjer ting. Dei må komme med konkrete historier, seier Johnsen.

AKTUELT NÅ