Hopp til innhold

Isbjørn skoten

Nærgåande bjørn måtte bøte med livet.

Isbjørn skutt på Hopen

Denne isbjørnen vart skoten på Hopen søndag ettermiddag.

Foto: Sysselmannen på Svalbard

Ein isbjørn vart i ettermiddag skoten på Hopen. Den eldre hannbjørnen hadde opphalde seg ved meteorologistasjonen i 10 dagar og det nytta ikkje å skremme han vekk.

Isolert av isbjørnen

Dei fire personane som er stasjonert ved Meteorologisk institutt sin stasjon på Hopen, har ikkje kunne gå ut dei siste dagane. Laurdag kontakta dei Sysselmannen og søndag vedtok Sysselmannen å avlive bjørnen, fordi dei såg på isbjørnen som ei fare for sikkerheita til bebuarane på Hopen. Den same isbjørnen har tidlegare tatt seg inn i ei hytte der det var folk frå vêrstasjonen.

Sliten bjørn

Mannskap frå Sysselmannen var søndag på Hopen for å avlive bjørnen. Han var mager, hadde mista mange tenner og veigde berre 209 kilo, opplyser Sysselmannen.

Isbjørnen er no frakta til Longyearbyen, der han vil bli undersøkt.