Hopp til innhold

Ulvejakt i Finnmark

To ulvar må bøte med livet etter eit titals reindrap.

Reinsdyr
Foto: Statens Naturoppsyn

Fylkesmannen i Finnmark har gitt fellingsløyve til to ulvar i Finnmark.

Observasjonane på at ulvane har vore på ferde blant anna ved Jergul i Karasjok er heilt sikre, og reineigarane som har dyr i området, trur 12-13 dyr har blitt drepne av ulv.

Spor etter herjingar

– I området rundt Jergul har det sia førre veke vore aktivitet av ulv, fortel fagleg leiar i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Finnmark, Harald Muladal.

– Det er både spor av ulv, det er observert av ulv jagar rein, vi har funne kadaver og det er påvist at kadavera er drepne av ulv, seier Muladal.

Fram til jul

Det er to ulike reineigarar som har fått fellingsløyve, og løyva gjeld fram til og med 23. desember i områda der dei har reinflokkane sine.

I starten av november vart kadaveret av ein reinkalv funne i lag med reinflokken sin, på vidda mellom Karasjok og Alta. Obduksjonen viste då at reinen var tatt av ulv.

– Dette er levebrødet vårt og det er trasig for reineigarane å miste dyr. I tre veker har dyra jaga rundt flokkane våre, seier leiar av reinbeitedistrikt 16, Klemet Amund Eira.

Vil jage ulven

– Vi har ikkje plass til ulvar her oppe og det er også vedtatt politisk. Det synst eg er eit godt vedtak, seier Eira.

Rasmus Hansson i Verdas villmarksfond, WWF, meiner ulvane bør bli jaga sørover i staden for å bli skotne.

– Ulven er ein fin og viktig del av naturen vår og Noregs mest sjeldne rovdyr. Då kan vi ikkje drepe ulv utan vidare, meiner Hansson.