Hopp til innhold

Bussbilletane kan bli langt dyrare

Assisterande fylkesrådmann i Aust-Agder føreslår å auke prisen på enkeltbillettar med over 13 prosent.

buss

BUSSBILLETT: Assisterande rådmann John G. Bergh i Aust-Agder vil auke prisane på enkeltbillettar på bussen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

John G. Bergh

John G. Bergh

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Tellef Inge Mørland

Tellef Inge Mørland

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Bakgrunnen for forslaget er at han vil få passasjerane til å bruke busskort. Samstundes vil han gi folk som kjøper busskort større rabatt.

– I dag er rabatten dersom du kjøpte busskort på 20 prosent. Vi vil auke rabatten til 30 prosent, seier assisterande fylkesrådmann John G. Bergh til NRK.no.

– Det betyr at dei som brukar busskort vil ha ein stigning i sin takst som er på linje med deflatoren i statsbudsjettet, seier han.

Kritisk til prisauke

– Samstundes må dei som kjem med pengar på bussen betale meir. Dette er ting som vert brukt over alt og dette er eit problem, seier han.

Arbeiderpartiets gruppeleiar Tellef Inge Mørland er kritisk til ei så stor prisauke på enkeltbillettar som er føreslått.

– Eg er einig i intensjonen der ein skal prøve å redusere bruken av kontantar. Vi har hatt altfor mange bussran dei siste åra. Likevel trur eg ikkje vi kan komme heilt vekk ifrå det, seier Mørland.

320,- tur/retur

– Eg er veldig skeptisk til at ein vil auke prisen på enkeltbillettar med 13 prosent. Det er nokon som brukar buss veldig sjeldan. Då trur eg du kan få litt bakoversveis om ein auka bussprisane ytterlegare, seier han.

Mørland peika mellom anna på at han sjølv berre nyttar bussen av og til.

– Reiser du frå Arendal til Kristiansand nærare du deg 160 kroner ein veg og 320 kroner tur/retur. Då er bil eit alternativ, seier Mørland.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %