Hopp til innhold

Arendal Int. School klar for finale

Arendal International School er klar for finalen i NRK Sørlandets klassequiz.

Bendik Willoch Berg, Marcelius Eilertsen og Håvard Kveim

Bendik Willoch Berg, Marcelius Eilertsen og Håvard Kveim frå Arendal International School er klare for den store finalen torsdag.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

Amez Khasro, Tor Kjetså og Henrik Guillaume Varet Jensen

Amez Khasro, Tor Kjetså og Henrik Guillaume Varet Jensen frå Grim skule fekk 10 av 16 moglege poeng.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Marcelius Eilertsen, Håvard Kveim og Bendik Willoch Berg frå tiande trinn ved den internasjonale skulen i Arendal var suverene og tok 15 av 16 moglege poeng i den første semifinalen.

Henrik Guillaume Varet Jensen, Amez Khasro og Tor Kjetså frå Grim skole fekk flotte 10 poeng, men det heldt ikkje til å nå finalen.

Ved å klikke på videoen under kan du sjå første finalerunde om igjen, og sjå om du klarer å svare på spørsmåla elevane fekk.

Video Klassequiz semifinale 1

SJÅ OM IGJEN: Håvard Raustøl stilte som vanleg spørsmåla då Henrik Guillaume Varet Jensen, Amez Khasro og Tor Kjetså frå Grim skole kjempa mot Marcelius Eilertsen, Håvard Kveim og Bendik Willoch Berg frå Arendal International School i første semifinale i Klassequizen.

Totalt 40 skular har vore i elden i NRK P1 i løpet av hausten og vinteren. Før finaleveka har det vore stilt 480 spørsmål. No er det berre tre skular igjen for å kjempe om gullet i årets Klassequiz.

Dei fire skulane som gjekk vidare til finalerundane er Arendal International School, Grim skole frå Kristiansand, Stuenes skole frå Arendal og Å ungdomsskole frå Lyngdal.

Myte slår sprekker

– Det har vore ein lang turné, men det har vore moro å reise rundt. Hovudinntrykket er at det er flinke elevar. Myten om dei kunnskapslause elevane slår sprekker, seier Klassequiz-general Håvard Raustøl til NRK.no.

Måndag klokka 11.25 gjekk den første semifinalen i studioet på Tangen i Kristiansand, der altså Arendal International School gjekk vidare til finalen.

Onsdag til same tid skal Stuenes skole møte Å ungdomsskole i den andre semifinalen. Torsdag skal vinnarane frå dei to semifinalane møtast i finalen klokka 12.25. Alt blir sendt direkte i Nett-TV og på NRK P1.

Håvard Raustøl lovar at elevane skal få litt å bryne seg på i finalerundane.

Håvard Raustøl, Klassequizen

FINALEVEKE: Håvard Raustøl tek imot elevane i studio på Tangen i Kristiansand.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Finale på torsdag

– Eg trur vi skal skru til stikka litt. Det er dei fire beste av dei 40 skulane som kjem. Vi må rett og slett yte dei litt motstand, desse super-10.-klassingane. Det er duka for kjempespennande semifinalar og finale på torsdag, seier Raustøl.

Klassequiz-studioet blir fylt opp med elevar som skal heie sine håpefulle fram. I tillegg vil fleire kjende ansikt frå Sørlandet dukke opp i både semifinalane og i finalen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %