Hopp til innhold

Start sjanselause mot Sogndal

Eit tafatt Start-lag var sjanselause mot Sogndal i botnkampen. Sogndal har med søndagens siger sikra seks poeng forsprang frå sørlendingane i kampen om å overleve i eliteserien.

Feilpasningar og slurv prega dei første minutta av oppgjeret på Fosshaugane Campus.

Ingen av laga kom til dei heilt store sjansane før Jesper Mathisen noko klønete reiv ned ein Sogndal-spelar rett utanfor eigen 16-meteren. Dommaren dømde frispark, som Ørjan Hopen på elegant vis banka i krysset til venstre for Alexander Lund Hansen.

Stor Bakke-sjanse

Start sleit stort mot eit aggressivt Sogndal-lag i første omgang. Den einaste gangen Start var frampå var Olav Tuelo Johannessen sitt skot frå 15 meter. Skotet vart for laust og Kenneth Udjus i Sogndal-buret redda enkelt. Dermed stod det 1-0 til pause.

I andre omgang var det Sogndal som kom til den første sjansen. Innlegget frå Mats Solheim gjekk rett inn til ein heilt umarkert Eirik Bakke. Ballen gjekk ein halvmeter utanfor.

10 minutt ut i andre omgang klarte Start å trykke heimelaget tilbake, men dei store sjansane uteblei. Kvarteret ut i omgangen var Espen Hoff frampå for gjestene, men ein Sogndal-forsvarar forstyrra Hoff så mykje at han ikkje fekk skikkeleg treff og ballen gjekk over.

Fleire Sogndal-sjansar

Kvarteret før full tid var Bakke frampå igjen. Ole Jørgen Halvorsen slo eit nydeleg innlegg, men headinga vart for laus og Alexander Lund Hansen redda enkelt. To minutt seinare prøvde Tonny Brochmann seg med eit skot, men igjen gjekk ballen til side for mål.

I det 83. minutt fekk Sogndal ein kjempesjanse til å punktere kampen. Mats Solheim fyrte av frå 10 meter, men Alexander Lund Hansen var med på notane og fekk avverga.

To minutt på overtid kom avgjerda. Ørjan Hopen klinka til frå 18 meter og punkterte kampen. Sogndal slo dermed Start 2-0 og ligg seks poeng føre Start på tabellen.

Neste helg møter Start ein annan nedrykkskandidat i Sarpsborg 08 på Sør Arena. Sogndal reiser til Åråsen for å møte Lillestrøm.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %