Hopp til innhold

No skal køane ned på Kjevik

Det skal bli slutt på den lange ventetida i sikkerheitskontrollen på Kjevik. Slik forholda er no kan passasjerar bli ståande i lange køar for å bli kontrollert.

Thomas Langeland

VENTETID: Lufthamnsjef Thomas Langeland lovar kortare ventetid i sikkerheitskontrollen på Kjevik framtida.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Vi tykkjer ikkje det er noko hyggeleg oppleving at passasjerane skal måtte vente unødvendig. Vi har hatt tilfelle der det har gått over tjue minutt og opp mot ein halvtime. Det er absolutt ikkje akseptabelt, seier lufthamnsjef Thomas Langeland til NRK.no.

Regelen er at det skal ta maks åtte minutt frå du stiller deg i køen til du er gjennom sikkerheitskontrollen med røntgengjennomlysing.

Men i morgonrushet med sju fly i løpet av ein drøy time, vert det for lite med dagens to røntgenapparat. Difor vert det no sett i verk fleire tiltak.

Aukar kapasiteten

– Det første vi har gjort er å auke bemanninga slik at vi får større utnytting av den kapasiteten vi har i dag. Så vil vi over sommaren setje i gang med å utvide sikkerheitsslusa frå to til tre røntgenapparat. Dette vil auke kapasiteten med cirka 50 prosent, seier han.

Talet på passasjerar har auka kraftig på Kjevik i år. Dette er med på å forsterke problemet i sikkerheitskontrollen. I tillegg opplever personellet stor skilnad på passasjerane. Nokon brukar lengre tid enn andre.

– Dei erfarne reisande er budde og går greit gjennom og vi møter skjeldan forsinking som følgje av desse passasjerane, seier Langeland.

Bygger nytt tårn på Kjevik

NYTT TÅRN: Arbeidet med å byggje nytt tårn er godt i gang på Kjevik.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Gløymer å ta ut sakser

– Så er det passasjerar som reiser skjeldan. Dei gløymer ofte å ta ut sakser eller andre ting frå veskene sine. Då må vi gjere ein ekstrakontroll, og då går det meir tid. Alt dette er med på å redusere hastigheita gjennom kontrollen, seier lufthamnsjefen.

Det er heller ingenting som tyder på at omfanget rundt sikkerheitskontrollane vil bli redusert i framtida.

– Vi skulle gjerne ha sett at dette var ei sak som ikkje vert oppfatta som ei ulempe for passasjerane. Men vi må nok rekne med det i fleire år framover ja, seier han.

For trangt

Det er ikkje berre sikkerheitskontroll-området som er for lite på Kjevik.

– Terminalen sin storleik er for liten i dag i forhold til passasjermengda vi skal ha gjennom. Innsjekkingsområdet er for trangt. Vi har det for trangt i sjølve avgangshallen på innland, og vi har det dessverre endå trongare i avgangshallen for utland, seier han.

– Vi har allereie sett i verk eit skisseprosjekt for å byggje ut ein ny utanlandsdel av terminalen, slik at vi flyttar alt nordover i det nye bygget som kjem. Så vil vi samstundes kunne utvide avgangsarealet på innland, seier Langeland.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %