Hopp til innhold

Kommune fjerna ekstra ferieveke

Arbeidstakarar over 62 år misser ei ekstra ferieveke i Flekkefjord kommune. Fleire hevdar at politikarane ikkje var klar over at dei fjerna ferieveka, då dei fekk ei budsjettsak om seniorpolitikk på bordet før jul.

Ruth Åse Tesdal

OPPRØRT: Ruth Åse Tesdal vart sint då Flekkefjord kommune fjerna ei ekstra ferieveke som vart innført for to år sidan. (Arkivfoto)

Foto: Lars Eie/NRK

– Vi har snakka med folk i organisasjonane i kommunen og politikarane. Vårt inntrykk er at ein ikkje er heilt klar over kva bystyret har vedteke, seier gruppeleiar for SV i bystyret i Flekkefjord, Steinar Dyrli til NRK.no.

Før jul la administrasjonen fram ei sparepakke, der blant anna seniorpolitiske tiltak vart fjerna. Ved å fjerne seniortiltaka kunne kommunen spare 350 000 kroner i året. Det gjekk politikarane med på.

Vart sint

Men i realiteten vart ei ekstra ferieveke for tilsette over 62 år borte.

– Eg fekk beskjed lille julafta i eit brev. Først vart eg lei meg, så vart eg veldig sint, seier Ruth Åse Tesdal.

Ho har jobba som hjelpepleiar i kommunen i over 30 år, og vart særs oppprørt då ho såg at den sjuande veka med ferie plutseleg var fjerna.

Steinar Dyrli (Sv Flekkefjord)

Steinar Dyrli (Sv)

Foto: Lars Eie/NRK

– Min første tanke var at eg skulle ringje til ordføraren. Eg trefte han første juledag i kyrkja, men lot han vere i fred. Seinare sende eg eit brev der eg gav uttrykk for følelsane i forhold til det, seier ho.

Opprørt over vingling

For Tesdal er den sjuande ferieveka viktig.

– Eg jobbar 100 prosent i eit tungt pleieyrke. For å vere heilt personleg har eg ein kneskade som gjer at eg i lange arbeidsøkter har brukt den sjuande veka til å ta ut ein feriedag, seier ho.

– Då har eg spart kommunen for sjukepengar. Rett og slett fordi eg har brukt den sjuande veka til slikt, seier ho.

I 2009 sette kommunen i gang med seniortiltak som ekstra ferieveke. Etter berre to år er ordninga borte igjen. Tesdal er opprørt over kommunen si vingling.

Anstrengt økonomi

– Det undrar meg veldig at kommunen ikkje har ein forutsigbarhet i kva økonomiske midlar dei har slik at dei veit at dei kan gjere det. Viss ikkje dei vil prioritere 62-åringar får eg forstå det. Men då må dei seie det i staden for å gjere det på denne måten, seier ho.

Steinar Dyrli i Sosialistisk Venstreparti meiner kommunen kan spare pengar på andre måtar enn å fjerne ferieveka for dei som har jobba og slite for kommunen i mange år.

Ordfører i Flekkefjord, Reidar Gausdal

Reidar Gausdal

Foto: NRK

– Eg trur ikkje Flekkefjord har noko meir anstrengt økonomi enn veldig mange andre kommunar. Det er litt tendens til at ein kastar seg på greie ting som vert føreslege, seier han.

Sponsar TV2-program

– Eit døme er eit TV2-program vi skal bruke fleire hundre tusen kroner på, for å liksom promotere Flekkefjord, seier han.

Dyrli får delvis støtte av ordføraren i kommunen i at saka bør behandlast på nytt. Onsdag var saka oppe i formannskapet.

– Formannskapet er av den oppfatning av at vi må ta dette opp neste gang budsjettet skal opp. Det er heilt opplagt at prosessen kunne ha vore betre, seier ordførar i kommunen, Reidar Gausdal til NRK.no.

For på grunn av at dette er eit budsjettsak, vil den ikkje bli behandla før neste års budsjett vert lagt fram.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %