Hopp til innhold

– Dette er mannsdiskriminering

Mange menn føler at ein reklame frå selskapet Grønt Punkt Norge AS er kjønnsdiskriminerande. No er filmen klaga inn til Forbrukerrådet.

Skyll, brett og stapp

KLAGA INN: Denne reklame er klaga inn til Forbrukerrådet. Fleire menn meiner at den er mannsdiskriminerande.

Foto: Skjermdump: www.acneproduction.com

– Eg vert krenka og eg veit om mange menn i heile landet som føler seg støtt på grunn av ein slik reklame, seier Kim Birger Ploug Heilberg frå Kristiansand som har klaga reklamefilmen inn.

– Mannen vert framstilt som søppel i bruk og kast ånd, seier han.

Skyll, brett, kast

I reklamefilmen ser du ein mann som føler seg tom og slapp gå rett i søpla saman med 3-4 andre ferdigskylte, nedtrykte og samanbretta menn. Den handlekraftige kvinna har resirkulert sin frustrerte mann som følte seg så tom og deprimert.

– Sett i lys av at mannen står veldig svakt i Noreg, dersom det vert skilsmisse er det ikkje riktig å framstille han i eit lys der det ser ut som om han berre kan kastast når han har gjort funksjonen sin, til dømes å befrukte kvinna og få barn med henne, seier han til NRK.no.

– Reklamefilmen er med på å framprovosere dårlege haldningar til mannen, som eit mindreverdig menneske, seier Heilberg.

– Ikkje diskriminerande

Men både Forbrukerrådet og firmaet bak reklamen, Grønt Punkt Norge AS, meiner at dette ikkje er diskriminerande.

– I alle hovudsak har vi fått veldig god respons. Folk tykkjer den er morosam og dei tykkjer den skapar merksemd, seier marknadssjef i Grønt Punkt Norge AS, Kari-Lill Ljøstad.

Ho beklagar dersom nokon føler reklamen støtande.

Beklagar

– Eg trur det er viktig at vi klarar å kommunisere humor og at det ikkje er nokon som føler at dette er trakassering eller at det er valdeleg. Eg trur vi vil oppleve at humor ikkje er det same for alle. Vi beklagar sjølvsagt dersom noko oppfattarvårt bruk av verkemiddel som krenkande eller støtande, seier ho.

Heilberg er sikker på at reklamen ville ha blitt rekna som ulovleg om det var ei kvinne som vart bretta saman og levert til resirkulering.

– Men at mannen vert kasta ser ut til å vere heilt i orden, seier han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %