Hopp til innhold

Ingen vindmølle-omkamp

Kommunestyret i Farsund sa tysdag kveld nei til forslaget om eit innbyggjarinitiativ om dei 31 vindmøllene på Listaheiene.

Vindmølle

INGEN OMKAMP: Politikarane i Farsund sa nei til eitt innbyggjarinitiativ om vindmøllene på Lista.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Det var SV som ynskte at folk skulle kunne skrive under på ei liste om at saka burde bli behandla på nytt av politikarane.

Skuffa initiativtakar

– Eg tykkjer det er veldig trist. Eg er skuffa fordi vi meinte det var ein bra ting å leggje ut eit initiativ slik at folk skulle få høve til å vise motstanden sin mot ei vindmølleutbyggjing på Lista, seier initiativtakar Anija Wormsen til NRK.no.

Eit innbyggjarinitiativ vil seie at det vil bli lagt ut lister der innbyggjarane i kommunen kan skrive under - mot eit vedtak. For å få ny behandling av saka må minst 300 innbyggjarar skrive under. Kommunestyret sa nei til å leggje ut slike lister, 29 mot 4 stemmer.

Ser på moglegheitene

– Vi er sjølvsagt veldig skuffa, men vi håpar på nye moglegheiter. Det er blant anna inne ei klage hos sivilombodsmannen. Så skal vi sjølvsagt snakke saman og sjå kva vi kan gjere vidare, seier Wormsen.

– Eit innbyggjarinitiativ er jo veldig ufarleg i seg sjølv, det er berre ein måte å leggje fram eit forslag. Det skal jo vere ei demokratisk ordning som folk faktisk skal kunne bruke på ein enkel og grei måte. Vi tykkjer dette er veldig synd, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %