Hopp til innhold

Barnevernsbarn fekk hjelp til å stikke av

Ein av barnevernsgutane som har vore med på å gjere over 600 lovbrot på Sørlandet i løpet av kort tid, fekk hjelp til å stikke av frå institusjonen han bur på.

Bussran i Kristiansand

RANA BUSS: Fleire ungdommar står bak ei rekkje lovbrot på Sørlandet den siste tida. På bilete ser du ein av gutane som er i ferd med å rane ein buss i Kristiansand. (Arkivfoto)

Foto: Overvakingskamera

Ein tilsett ved institusjonen skulle følgje guten ut for å røyke, då det kom to maskerte menn mot dei, skriv fvn.no.

– Medan dei stod og røykte kom det to maskerte personar, som truga og vifta med noko den tilsette oppfatta kunne vere ein kniv. La han gå skal dei ha sagt, seier operasjonsleiar Per Lauvnes til NRK.no.

Stakk av på moped

Deretter skal alle tre ha stukke av på ein moped. Episoden skjedde rundt klokka 01.38 natt til torsdag.

Unge gutar mellom 15 og 20 år har står bak over 600 lovbrot på Sørlandet i løpet av kort tid. Storparten av gutane høyrer heime på instituasjonar.

Væpna ran av bankar og bussar er nokre av lovbrota dei har vore involverte i.

– Det er veldig spesielt at ein ungdom får hjelp til å rømme. Det er ikkje noko vi opplever ofte, seier einingsleiar Leon Dybesland i Agder ungdoms- og familiesenter til VG Nett.

– Dramatisk

– Dette er veldig uvanleg. Vi har vel knapt opplevd likanande. Dette er dramatisk for alle involverte, og heile personalgruppa vår får oppfølgjing, seier han til NRK.no.

Ifølgje VG står 15-åringen bak rundt 60 lovbrot og skal ha rømt frå institusjonen heile 79 gonger tidlegare.

– Det kjenner eg ikkje direkte til. Eg tykkjer det høyrtest veldig mykje ut. Det har i alle fall ikkje skjedd i løpet av dei siste vekene, for då har vi som sagt hatt god kontroll, seier Dybesland til NRK.no.

– Vi gjennomfører ikkje konkrete søk etter institusjonsbarn, vi har rundt fem rømningar kvart døgn, seier operasjonsleiar Børge Steinsland i Agder politidistrikt.

Skal stoppe ungdommane

Det er no sett ned eit tverrfagleg team som skal finne ut korleis ungdommane skal stoppast.

– Vi er villige til å bruke meir tvang så langt forskriftene tillet det, så det kjem vi til å gjere, seier Stein Atle Toresen i Bufetat til NRK.no.

Leon Dybesland er særs glad for at det no vert jobba for å stoppe ungdommane.

– Dette er noko som er langt utanfor det vi vanlegvis handterer og er veldig glad for at det er sett ned ei gruppe. Dei er i gang med arbeidet, og det er veldig positivt, seier han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %