Hopp til innhold

Vil ha elefantane vekk frå sirkusa

Mattilsynet føresler at det skal bli forbode å ha elefantar på sirkus,. Dei meiner at elefantane ikkje har det bra der.

Sirkus Arnardo

Årsaka er ifølgje Mattilsynet at asiatiske elefantar har viktige velferdsbehov som vanskeleg let seg tilfredsstille under sirkusforhold. Dei har no sendt ut eit utkast til forskrift om framvising av dyr på høyring. Det reagerer Arild Arnardo i Cirkus Arnardo på.

– Mattilsynet kjem innom og kontrollerer oss fleire gonger i veka, og har ingenting å klage på. Vi har faktisk holdt på i 60 år, seier Arild Arnardo til NRK Sørlandet.

► Mattilsynet skriv blant anna følgjande i høyringa:
«Asiatisk elefant (...) har viktige velferdsbehov som vanskelig lar seg tilfredsstille under sirkusforhold. Viktige, dyrevelferdsmessige hensyn taler derfor for at denne arten forbys i sirkus. Selv om det kan se ut som om fenomenet asiatisk elefant i sirkus i Europa vil dø ut av seg selv om 10-20 år, mener derfor Mattilsynet at det er nødvendig med et norsk forbud mot slik bruk av dyr.»

Ute på høyring

Arne Arnardo starta opp Cirkus Arnardo for 60 år sidan. Sirkuset har base i Lillesand og elefantar har vore brukt mykje i førestillingane. No må dei truleg forlate manesjen for godt i 2015. Tredje generasjon i sirkuset, Are Arnardo, seier dei vil nytte høve til å seie kva dei meiner om forslaget om å forby elefantar.

– Førebels er dette ute på høyring, så vi har moglegheit til å komme med ein kommentar. Vi vil rette opp eventuelle feil i dokumentet, seier han.

Video nsps_upload_2009_12_9_17_32_24_1020.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

NOAH jublar

Dyrevernorganisasjonen NOAH er glad for at Mattilsynet vil vurdere å nekte sirkusa å bruke elefantar.

– Vi ser på det som en siger at elefantane, sirkusa sitt symbol, er ute av lista, og det betyr at 20 års informasjon og kampanje-arbeid frå NOAH har hatt ein effekt, seier veterinær Siri Martinsen i NOAH.

– Vi har også allereie vunne kampen i forhold til dyr som zebra, sjøløve og andre eksotiske artar – desse vil sleppe å vere i norske sirkus heretter. Men vi ser samstundes på det som sjølvmotseiande å definere nokre dyr som «eigna» til å leve sitt liv i trange innhengingar og transportvogner, seier Martinsen.

Kontroversielt

Dyr i sirkus blir stadig meir kontroversielt fleire stader i verda. Bolivia har nyleg vedteke forbod mot alle artar av dyr i sirkus. I fleire land som Kroatia, Singapore, Israel, Finland og Costa Rica fins det allereie restriksjonar på kva dyreartar som er lov å utnytte i sirkus.

Elefanter
Foto: NRK

Arild og Are Arnardo meiner det betyr kroken på døra dersom det ikkje blir tilatt med dyr og elefantar i framtida.

– Kroken på døra

– Det er ein av grunnane til at publikum kjem. Det er også ein attraksjon i seg sjølv, eit stort dyr og ein manesje Det er ein gammal tradisjon med å ha elefantar, seier dei.

– Vi hadde to sirkus som ville starte utan dyr her i fjor. Det eine heldt på i tre dagar. Det andre gjekk konkurs midt i sesongen. Dersom dei ikkje vil ha sirkus i Noreg får dei seie ifrå, seier Arild Arnardo.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %