Hopp til innhold

Har avslutta søk i Mandal

To menn som vart plukka opp frå sjøen utanfor Mandal er sende til sjukehus i Oslo. Den tredje personen er på sjukehuset i Kristiansand. Samstundes er det klart at søket vert avslutta.

f

VIDEO: Se politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen, fortelle om situasjonen.

– Personalia på dei tre personane er oppgitt av den eine av personane som er funne i sjøen, opplyser politiet.

Det var den første mannen som vart henta opp av sjøen som forklarte at dei hadde vore tre personar i ein båt for å fiske.

Kritisk skada

Han opplyste kven dei hadde leigd båten av, og politiet kom i kontakt med utleigaren, som også stadfesta at det var tre personar i båten. Dermed vart søket avslutta.

– Dei var her for å fiske og det enda slik som det gjorde. Vi veit førebels ikkje så mykje meir. Men vi veit at det ikkje var fleire i båten, seier politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen til NRK.

Mennene skal vere i 40-50 åra og er frå Tyskland. Situasjonen vert no beskrive som kritisk og uavklara for dei tre mennene.

Politiet opplyser at det er særs kaldt i vatnet og det tre skal ha vore nedkjølt.

Sette i gang søk

Politiet vart varsla om at ein person var funne i sjøen ved 10.30-tida fredag. Mannen var bevisstlaus. Kor tid seinare vart det sett i gang søk i sjøen og to andre personar vart henta opp.

Store leitemannskap søkte i området i fleire timar der dei tre mennene vart funne. Bakgrunnen var at politiet ikkje var sikre på om det var fleire i sjøen eller ikkje.

– Vi ser ingenting. Det er ein del sjø og kvite skumtoppar, så det er vanskeleg å sjå noko. Vi går ganske tett på kvarandre for å komme over alt, sa Tom Hugo Johansen som er skipper på redningsskøyta «Ægir».

Både helikopter, redningsskøyter og lokale fiskarar deltok i søket.

Redningsaksjon Mandal Sea King

Det er satt inn helikopter i søket.

Foto: Leif Dalen / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %