– Det er behov for ein base midt i Norge i sør. Då er Hovden faktisk reint geografisk kanskje den ypparste beligghenheten som tenkjast kan, seier Jon Rolf Næss til NRK.
I påskeferien vil Norsk Luftambulanse setje inn ekstra beredskap på påskefjellet. I år vert det på Hovden.
20 000 turistar
– Påska er ein periode med betydeleg auka aktivitet i fjellet. Stiftelsen Norsk Luftambulanse styrkjer difor beredskapen i Sør-Norge og set inn eit ekstra helikopter med fullt mannskap. Stiftinga dekkjer alle kostnader, seier generalsekretær Erik Kreyberg Normann i ei pressemelding.
Det bur berre kring 1000 menneske på Hovden fast. Men i påska vil kring 20 000 turistar besøkje skibygda.
Helikopteret som vil stå på Hovden i påska vil mellom anna ha skredutstyr og lege.
– Vi har jo kjent på det kvart einaste år, når bygda vert fylt av så mange turistar, at vi treng ekstra beredskap. Det er mange folk og aktivitetsnivået er høgt. Så vi tykkjer det er fantastisk at vi i år får auka beredskap, seier Næss.
Infrastruktur på plass
No håpar ordførar Jon Rolf Næss at helikopteret kan få permanent base på Hovden i framtida.
– Vi har allereie infrastruktur på plass og kjem til å jobbe systematisk for å prøve å overbevise Helsedepartementet om at det trengs ein base i sør, seier Næss.