Ungdommane må no kjøpe busskort for å få rabatt. Bakgrunnen er at busselskapa ikkje lenger ynskjer å oppbevare kontantar på bussane.
Frå og med 1. februar må nemleg passasjerar i Aust-Agder kjøpe busskort for å behalde student- eller elevrabatten på 30 prosent.
– Alt for mykje
– Eg tykkjer at det er dumt. Det er så dyrt, seier Katrine Steinmoen Ås til NRK.
16-åringen og venene på videregående skole i Grimstad fekk seg eit lite sjokk då dei skulle kjøpe enkeltbillettar på bussen førre veke.
For ein veg måtte dei ut med 122 kroner per billett frå Grimstad til Kristiansand. Tur-retur blir dette 244 kroner.
– Det er jo alt for mykje. Held dette fram er det jo ikkje nokon som vil ta buss lenger. Då blir det jo meir bilkøyring, seier Ine Maria Igland.
– Sidan vi satsar på meir miljøvenleg i Grimstad, vert det jo ikkje miljøvenleg når så mange vel bil i staden for buss, seier ho.
Katrine Steinmoen Ås har og merka prisauken på skulebussen. På den tre kilometer lange strekninga må ho betale 33 kroner ein veg.
– Eg tykkjer det er veldig dumt. Det er dyrt. Det er ikkje studentbillettar lenger heller. Det er dumt at dei satsar på kollektivtransport og så vert det dyrare, seier ho.
Redde for ran
Seksjonsleiar i Aust-Agder fylkeskommune, Hilde Bergersen, forsvarar prisauken på 30 prosent på enkeltbillettar til barn og unge.
– Det er eit påtrykk frå sjåførane for å redusere pengar i sjåførveska og fare for ran, seier ho til NRK.
– Forstår du at unge reagerer på prisauken?
– Eg tenkjer at ved å kjøpe eit verdikort vil dei framleis behalde 30 prosent rabatt på enkeltbillettar, seier ho.
Kirsti Pedersen (16) påpeikar at ho har kjøpt eit slikt kort, men at prisen likevel har gått opp.
– Dei sa at eg skulle få 30 prosent rabatt. Men det blir likevel dyrare. Før betalte vi 18 kroner for ein veg til skulen. No må vi betale 24 kroner sjølv om du har kort, seier ho.