Målet er å forsøke å sikre seg framtidas arbeidskraft i hard konkurranse med andre yrke.
– Årsaka er den enorme veksten som bedriftene har for tida, som gjer at heile regionen har fått ei heilt ny utfordring. Det er å skaffe arbeidskraft nok, seier prosjektleiar i NODE-klyngja, Kjell. O Johannessen til NRK.no.
– Må vise kva vi har å tilby
Det er kvinnenettverket som no vil nå ut til niandeklassingane på Sørlandet. Dermed rustar oljebransjen seg til kamp om arbeidskrafta i framtida.
– Dette er nytt for oss. Det er nytt for bedriftene og gjeld for store deler av Norge, seier Johannessen.
– Vi må ut i skulen for å appellere til barna og fortelje om kva næringa vår er. Vi må fortelje om kva kompetanse og kunnskap dei må skaffe seg, seier han.
Det er rundt 8000 tilsette i dei 60 olje- og gassbedriftene i NODE-klyngja på Sørlandet. 2013 har allereie blitt beskrive som det beste året nokon gang.
Enorme ordrereservar
I august hadde oljeindustrien berre på Sørlandet ordrereservar for over 90 milliardar kroner. Hovudutfordringa er å skaffe nok arbeidskraft med riktig kompetanse.
Veksten ser også ut til å halde fram. Difor set dei no i gang med skulebesøk.
– Vi må vise kor trygge, langsiktige og gode arbeidsplassar dei kan få, seier prosjektleiaren.