Hopp til innhold

Denne sesongen kjem alle spelarane til å forstå kva dei seier

Når årets eliteserie blir sparka i gang finnes det to klubbar der alle spelarane snakkar skandinaviske språk. Vikings André Danielsen trur at dette er eit fortrinn for klubbane.

Fagermo og Hareide

Odd Grenland-trenar Dag-Eilev Fagermo og Viking-trenar Åge Hareide kan dirigera laga sine på norsk frå sidelinja, og alle spelarane vil forstå.

Foto: Hommedal, Marit / Hansen, Alf Ove / Scanpix

I spelartroppane til Odd Grenland og Viking snakkar alle spelarane skandinaviske språk. Odd Grenland har berre ein svenske på laget sitt, resten er nordmenn.

– Positivt

– Det er lettare for spelarane å tilpassa seg kvarandre når kommunikasjonen er god, seier Andrè Danielsen.

Han kan nå snakka kav stavangerdialekt på fotballbanen, og vita at alle kan forstå kva han seier.

Ikkje sidan 1998 har Viking stilt til seriestart utan framandspråklege spelarar. I 2005 då Roy Hodgson trena klubben, hadde dei spelarar frå heile 11 nasjonar.

Dårleg økonomi

– Det kan vera ein fordel for oss at det ikkje oppstår klikkar ut frå kultur og språk, seier Erik Nevland.

Han skal nå vera kaptein for eit Viking-lag med som berre har norske spelarar, utanom to svenskar og eit par norskspråklege islendingar.

Dårleg økonomi kombinert med større satsing på talentutvikling gjer at utlendingane blir færre i årets eliteserie. Nevland ser både fordelar og ulemper med utviklinga:

Hareide håper på sportsleg vinning

– Det er bra at unge lokale spelarar får spela på eit høgt nivå, men samstundes kan det vera bra med nokre gode utlendingar som kan vera med på å dra lasset og visa kva som må til for å koma seg vidare.

Viking trenar Åge Hareide håpar at den språklege situasjonen med god kommunikasjon vil visa seg i gode sportslege prestasjonar.

– Det blir sjølvsagt lettare å kommunisera når ein kan bruka eit språk som alle forstår godt. Dersom det er eit par spelarar som ikkje kan norsk, må ein jo bruka engelsk, og då kan kanskje nokon av dei norske spelarane få problem med å forstå, seier Hareide.

Publikum

Likevel legg han til at fotballspråket er eit lett språk å forstå, og at det stort sett går greitt.

Andrè Danielsen seier at han trur publikum også vil setja pris på eit meir lokalt forankra lag, som speler sin første kamp mot Vålerenga i Stavanger 19. mars, Odd Grenland spelar mot Start dagen etter.

Vålerengas Kristofer Hæstad og Vikings Andrè Danielsen

Vålerengas Kristofer Hæstad og Vikings Andrè Danielsen. Danielsen trur at god kommunikasjon er eit fortrinn for Viking og Odd Grenland.

Foto: Hansen / Scanpix

Så vil det visa seg kva dei to skandinavisk språklege laga klarar å få til i Eliteserien 2011...