Hopp til innhold

Vil gje 66-åring åtte år i fengsel

Aktor la i dag fram påstand om åtte år fengsel for 66-åringen som er tiltalt for overgrep mot mindreårige. – Mannen har kynisk utnytta sårbar ungdom, uttalte aktor, Ingrid Johansen, i Jæren tingrett.

Video To Sandnes-menn siktet for seksuelle overgrep mot gutter

Store mengder overgrepsbilete blei funne på datamaskinen til 66-åringen.

Foto: NRK

Det er ein 66 år gamal mann for Sandnes som førre vintar blei teken med eigenprodusert pornografi på datamaskinen sin som nå står tiltalt for overgrep.

I tiltalen heiter det at den yngste av gutane mannen har forgripe seg på skal vera under 14 år då overgrepa byrja. Totalt er mannen tiltalt for overgrep mot fem gutar. Tre av desse skal ha vore under 14 år då overgrepa skjedde.

– Gutane har vore utsett for ein avansert vaksen seksualitet, sa aktorJohansen i dag.

Ifølgje advokaten til 66-åringen, Odd Rune Torstrup, meiner han at gutane ikkje var under 16 år då den seksuelle omgangen byrja.

Ein 59 år gamal kamerat av 66-åringen er tiltalt for seksuell omgang med ein av gutane. Aktor la tysdag ned påstand om eitt og eit halvt år fengsel for denne mannen.