Hopp til innhold

2000 ulovlige nedlastingar av NOKAS-filmen

NOKAS-filmen har blitt eit populært nedlastingsobjekt på fildelingsnettverket Norbits. Nå melder distributøren saka til politiet. Kva meiner du om fildeling?

Nokasfilm

FRÅ INNSPELINGA AV NOKAS: Per Ellingsen er 'møkklei' av å produsera filmar når dei blir lasta opp i etterkant.

Foto: Alligator/Sandrew Metronome

– Me er mildt sagt «møkklei» av å produsera filmar når folk gjer som dei vil med dei etterpå, seier Per Ellingsen, nordisk videodirektør i Sandrew Metronome.

Det er dei som distribuerer NOKAS-filmen, og dei er lite nøgde med at fildelingsnettverket Nordbits har fått fatt i filmen deira skriv aftenbladet.no.

  • Kva meiner du om at folk laster ned filmar gratis på nettet? Sei meininga di nedst i artikkelen!

Har retten på si side

Ellingsen seier at dei vil følgja opp saka med alle midlar dei har tilgjengelege, og han er viss på at dei har retten i ryggen.

– Det same skjedde med «Kautokaino-opprøret» og «Max Manus», og frå dei sakene har me høgsteretten i ryggen.

Det er ein tipsar som har gitt Aftenbladet opplysingar om at filmen har blitt lasta ned av 2000 personar.

Advokatar på saka

Sandrew Metronome skal ha sett advokatar på saka, og Ellingsen reknar med at Kripos vil bli kopla inn.

Så langt skal 207.000 personar ha sett filmen på kino den har framleis ikkje kome på DVD og Bluray.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.