Hopp til innhold

Politiet sjekkar nå om 26-åringen hadde burmesisk førarkort

Mannen som er mistenkt for aktlaus køyring, då ein bil med tre barn hamna utanfor kaikanten i Stavanger, hadde ikkje norsk førarkort. Det opplyser politiadvokat Jørgen Berner Thorstensen.

Tasta ulukke

Det er framleis ikkje klart kva som skjedde då ein bil med tre barn hamna på 11-meters djup Laurdag 21. august på Tasta i Stavanger.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

26-åringen som er mistenkt for aktlaus køyring er faren til dei to yngste borna som sat i bilen.

Nå kan politiet opplysa om at 26-åringen, som køyrde bilen, ikkje hadde norsk førarkort.

Alle dei involverte i ulukka kom til Norge som flyktningar frå Burma i desember i fjor.

– Med bakgrunn i dette sjekkar politiet nå om mannen hadde burmesisk førarkort, opplyser Thorstensen til nrk.no.

Augevitne

I etterforskingsarbeidet til politiet skal dei ha kome i kontakt med eit augevitne som såg den dramatiske hendinga laurdag, ved middagstider.

Vitnet skal ha sett at bilen hamna ut i sjøen med bakenden først. Og at den 26 år gamle mannen kom seg opp etter at bilen hamna uti.

Mannen som køyrde er mistenkt for aktlaus køyring, noko politiet opplyser er heilt naturleg når ein bil hamnar på sjøen.

Reist til Bergen

Politiet har framleis ikkje hatt 26-åringen til avhøyr. Det kjem av at dei ikkje har hatt tolk, og at dei har vurdert det som om mannen bør få vera med barna sine på sjukehuset.

– Det ser ut til at me klarar å få fatt i ein tolk nå, men mistenkte må også vera i stand til å la seg avhøyra, seier Thorstensen til nrk.no måndag.

Mistenkte har reist til Bergen på Haukeland sjukehus. Her ligg den seks år gamle dottera hans.

Klokka 15. måndag var tilstanden hennar framleis kritisk. 17-åringen og 3-åringen får behandling på Stavanger universitetssjukehus, deira tilstand er også kritisk.

Situasjonen for 3 åringen er betra opplyser sjukehuset måndag ettermiddag:

Merker etter utforkøyringa

Stålkanten på omlag 20 cm har tydelege spor etter bilen som på laurdag kom seg over.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

– Sett bilen i feil gir

Helge Stokka var ein av dei første som kom til staden etter ulukka, han hoppa uti sjøen med ein gong han forstod at nokon hadde hamna uti. Han trudde det var ei fiskeulukke.

– Det var ikkje i tankane mine at det låg ein bil i sjøen. Det skulle eigentleg vore umogleg å få ein bil over der sidan det er ein stålkant på 15-20 cm, seier Stokka til nrk.no.

Har du gjort deg nokon tankar om kva som kan ha skjedd?

– Om du sett bilen i feil gir, ruser opp motoren og gjer gass så kan det vel henda at du klarar å hoppa over. Kanskje er det det som ha skjedd.

Han synes at ulukka er forferdeleg, og seier at det gjer ekstra sterkt inntrykk når det er barn som er utsett for ulukker.