Hopp til innhold

Ei kvinne er død etter å ha blitt køyrd på av tog

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei kvinne døde etter å ha blitt påkøyrd av ekspresstoget ved Sirevåg fredag ettermiddag. Toglinja er nå stengt mellom Ogna og Egersund.

– Togulukka skal ha skjedd inne i ein tunnel litt sør for Sirevåg stasjon, seier fungerande lensmann i Time kommune, Bjørn Søyland.

Toget hadde vore i Kristiansand og var på veg til Stavanger då ulukka skjedd like etter klokka to fredag ettermiddag.

Politiet kan framleis ikkje seia noko om årsaka til ulukka, men stadfestar at kvinna som blei køyrd på døydde av skadane.

Ulukka gjer at ingen tog kan køyra mellom Ogna og Egersund.

– Lokaltoga på Jærbanen går som normalt mellom Stavanger og Ogna, opplyser Henning Lode i Jernbaneverket.

På strekket mellom Ogna og Egersund har det blitt sett opp bussar.

Det var 90 passasjerar om bord i NSB-toget som skulle til Stavanger. Halvannan time etter ulukka sat dei framleis i toget.

– Så snart politiet frigjer toget køyrer det vidare til Stavanger og det vil skje innan kort tid, seier pressevakt i NSB Bjørn Stueland.

Dei har fått nytt togpersonell ut som skal køyra toget vidare.