Mellom 30.000 og 80.000 kroner. Det blir prisen du blir nøydd til å førehandsbetala (avhengig av storleiken på bilen) for å få full rabatt gjennom bomstasjonane på Haugalandet neste år.
I 2013 opnar T-sambandet mellom Tysvært og Karmøy. Då blir det endå eit bompengeselskap i området – totalt fem ulike selskap.
Les òg:
– Ingenting er samordna
Kvart selskap har sine eigne prisar, reglar og rabattordningar. Det gir eit uoversiktleg system for bilistane.
– Ingenting er samordna. Ein bomstasjon på Austlandet har sitt system, ein bomstasjon på Sørlandet har eit anna system og på Haugalandet er det også eigne ordningar, seier dagleg leiar i Skude Transport på Karmøy, Svein Bringedal.
Han er oppgitt over at bilistane blir taparane når det blir oppretta nye bomstasjonar.
For å få topprabatt i det nye T-sambandet må bilistane ut med 18.000 kroner i førehandsbetaling.
– Me bruker mykje tid på å forhandla oss fram til særavtalar på dei bomstasjonane me bruker mest, seier Bringedal.
Les òg:
Les òg:
Vil ha felles abonnement
Stortingsrepresentant og medlem av finanskomiteen på Stortinget, Arve Kambe (H), meiner dagens bomordning er uheldig.
Han vil at det nå skal bli mogleg å teikna eitt bompengeabonnement som gjeld for alle bomstasjonar.
– Verda går framover. Nå er det på tide med eit enklare system, seier han.
Også Svein Bringedal vil ha ei lik bompengeordning for heile landet.
– Det bør bli eit sentralt styrt autopasskontor alle betaler pengane til. Slik blir det like vilkår for alle, seier han.