Hopp til innhold

– Dette er yttarst sjeldan

Eit svært sjeldan funn av ein tysk mynt frå omlag år 1050, kan vera den første arkeologiske stadfestinga på at det låg ein kongsgard på Avaldsnes. – Dette er moro, seier professor Dagfinn Skre ved Universitetet i Oslo.

Sjeldan tysk mynt

Denne sjeldne tyske sølvmynten blei prega under keisar Henrik III 1046-56. Til venstre kan ein sjå kongen med krone, og til høgre kan ein skimta to helgenar med skjegg, glorie og krøllete hår. Omskrifta er nærmast utviska, men på framsida har det stått «MP», forkorting for «Imperator» (keisar). På baksida kan ein sjå eit kors øvst som viser kor teksten startar. Deretter har det stått «SS», som er forkorting for «Sanctus» (helgen). Ein «S» for kvar av helgenane Simon og Judas.

Foto: Dagfinn Skre / Universitetet i Oslo

Kjell Arvid Svendsen

Ordførar på Karmøy Kjell Arvid Svendsen tok første spadestikket for dei arkeologiske utgravingane som nå har gitt resultat.

Foto: Dagfinn Skre / Universitetet i Oslo

Arkeologar frå Universitetet i Oslo er i sommar samla på Avaldsnes på Karmøy for å finna ut meir om kongsgarden som, ifølgje skriftlege kjelder, skal ha ligge her.

Mynten var ulovleg

Det var likevel eit medlem av Rygene Detektorklubb som skulle gjera det mest sensasjonelle funnet så langt. Eit funn som Dagfinn Skre, samlingsansvarlig for jernalder og vikingtid ved Kulturhistorisk museum viser stor begeistring for.

Mynten han held i handa veg 0,84 gram og er 1,7 cm i diameter:

– Denne tyske sølvmynten er yttarst sjeldan. Utanlandsk mynt var nemleg ulovleg i Norge frå midten og slutten av 1000-talet, tidlegare har ein berre gjort to liknande arkeologiske funn, seier Skre.

Årsaka til dette skal vera at Harald Hardråde og Olav Kyrre innførte eit norsk myntvesen. Dermed skulle all utanlandsk mynt som blei tatt med inn i landet bli veksla.

Første indikator

Det spesielle med myntfunnet er også at den er funnen aleine og ikkje i ein skatt:

– Det betyr at den har vore i bruk og at den har blitt mista, dermed vil me tru at den har blitt handsama her på Avaldsnes, seier professoren.

Dei andre to liknande funna har også blitt gjort på kongsgardar. Dermed teiknar det seg eit bilete om at det var på kongsgardar vekslinga skjedde, dessutan er det også den første arkeologiske indikatoren på at det faktisk var ein kongsgard på Avaldsnes.

Dette gledar ei eldsjel som Dagfinn Skre. Mynten blei funnen i eit område der det i 2006 blei påvist restar av ein bygning frå sein vikingtid eller tidleg middelalder.

– Det har nok ligge fleire hus her og mynten er truleg mista inne i eit hus eller på gardstunet, seier Skre.

Arbeidet held fram

Nå held arbeidet fram med å grava på den tidlegare kongsgarden. Skre meiner at mynten langt på veg stadfestar at Avaldsnes var ein kongsgard under Olav den heilage og Olav Trygvason.

Det er framleis litt att for å stadfesta Snorre Sturlason sine påstandar om at Avaldsnes også var kongsgard under Harald Hårfagre. Med andre ord går Dagfinn Skre ein spanande sommar i møte:

– Dette er noko av det mest spennande eg har vore med på, seier den entusiastiske professoren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere nyheter fra Rogaland