Hopp til innhold

Syklist påkøyrd av moped

I Egersund har ein syklist og ein person på moped kollidert i ettermiddag.

Påkøyrsel i Egersund

Ambulansen rykka ut, men skadeomfanget er framleis ukjent.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Kollisjonen mellom ein person på mopen og ei kvinne på sykkel skjedde i krysset Hoveræget – Sokndalsveien i 14.30-tida.

Kvinna som er 64 år blei tatt med i ambulanse til legevakta etter ulukka. Politiet veit førebels ikkje noko om skadeomfanget, men mopedisten skal vera uskadd.

Berre i år har det vore fleire trafikkulukker i det same krysset.