Hopp til innhold

– Regnet har hølja ned, og det er endå meir i vente

Store mengder nedbør har herja Vestlandet fredag ettermiddag. I Egersund klarte ikkje kummane ta av alt vatnet.

Regn i Egersund

I Egersund har regnbygene vore så kraftige fredag ettermiddag at kummane ikkje har klart å ta unna alt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det har vore nokre kraftige byger i samanheng med ein okkludert front som har passert Vestlandet, seier statsmeteorolog Gunnar Livik til NRK.no.

tok ikkje av

I Egersund har regnet til tider vore så kraftig at det har kome tilbakeslag frå sjøen, og spruten har stått opp frå kummane.

– Regnet har hølja ned, og klokka sju opnar ølfestivalen «Oktoberfest» i sentrum, så det ligg an til å bli ein blaut festival, melder NRK reporter Øystein Ellingsen frå Egersund.

Fronten er nå på veg austover, og kjem til å føra til kraftig regn også her i periodar.

Problem for gatekunst

Sjølv om det kraftigaste regnet gjer seg på Vestlandet i kveld, vil det framleis regna i helga og starten på neste veke vera prega av regn, regn og atter regn.

– Til og med onsdag vil det vera opphaldsvêr på Vestlandet. Den lengste perioden utan regn får me nok natt til sundag, fram til sundag føremiddag. Deretter kjem eit nytt lågtrykk då blir det jamne straumar regn fram til onsdag, seier Livik.

Regnet har også skapt litt utfordringar for gatekunstfestivalen Nuart i Stavanger, kan festivalkoordinatoren Sesella Knudsen fortelja. (Sjå video)

Regnet har også skapt litt utfordringar for gatekunstfestivalen Nuart i Stavanger, kan festivalkoordinatoren Sesella Knudsen fortelja.

► Sjå video: Regn på Nuart