Hopp til innhold

– Det kan bli for godt vêr på festival

I dag opna Egersund visefestival i knallvêr. Men erfaring viser at om vêret er for godt, blir mange heller sitjande heime i hagen, ifølgje festivalsjefen, Henning Feyling.

Egersund visefestival

Her går startskotet for Egersund visefestival 2012. Dette er 19. gongen festivalen blir arrangert.

Foto: Pål Ellingsen

Paal Flaata i Midnight Choir under en konsert i Studentersamfundet i Trondheim 13.09.2002

Paal Flaata og Gøran Grini song i Egersund kyrkje. – Det var så flott at eg ikkje kan beskriva det, sa festivalsjefen like etter konserten.

Foto: Fotogjengen.Samfundet.no / NRK
Ny plate fra Tønes

– Tønes har praktisk talt vore med på alle visefestivalane me har hatt, seier Henning Feyling.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Kunne me hatt meir flaks, seier ein godt nøgd Henning Feyling til NRK.no.

Han er sjef for den 19. runden av Egersund Visefestival som opna i strålande solskin i dag.

I går såg det likevel verre ut, då hølja regnet ned.

– Folk kan bli sitjande i hagane

– Opninga var berre heilt fantastisk. I parken song Mandsangerforeningen festivalen inn i strålande vêr.

Men mange av konsertane som blir arrangerte skjer innandørs. Så for publikumstala er ikkje nødvendigvis sola det aller beste som kan skje.

Henning Feyling har erfaring i festivalbransjen.

– Det viser seg at dersom vêret blir for godt blir folk heller sitjande i hagane sine, seier han.

Mange frammøtte så langt

Han ser likevel ingen grunn til å uroa seg så langt, og på laurdagen er det også varsla at det kanskje vil koma litt fleire skyer.

– Det har vore godt oppmøte så langt i dag, og i løpet av helga satsar me på å nå det normale talet på betalande gjester, som ligg på rundt 2.500.

Han meiner i alle fall sjølv at det ikkje finst gode grunnar for å la vera å gå.

– Nå er nett kyrkjekonserten med Paal Flaata ferdig. Det var heilt ubeskriveleg. Nå er neste høgdepunkt Tønes. Han er det mest faste inventaret me har her på festivalen, og han leverer alltid.

Tønes opptrer både som soloartist og saman med bandet Skjelvekommode.

Av andre artistar som spelar i byen i Dalane i løpet av helga er Humble Servants, Jan Toft og I Was A King.