Hopp til innhold

I dag vart Rafal minna i retten

Rafal Mohamad Jamil sin obduksjonsrapport vart i dag gjennomgått i Oslo tinghus. Det vart også lest minneord om jenta frå Egersund.

Til minne om Rafal Mohamad Jamil

Rafal Mohamad Jamil var opphavleg frå Irak, men flykta til Norge i 2008. Bilete er frå Losen i Egersund, nesten tre veker etter ho blei drepen på Utøya.

Foto: Øystein Ellingsen

Tingretten gjennomgjekk fredag dei siste obduksjonsrapportane frå dei 77 ungdommane som ble drepne i terrorangrepa den 22. juli.

Turen kom til Rafal Mohamad Jamil frå Egersund, som blei drepen på Utøya 22. juli. Ho var 20 år gamal, og hadde kome frå Irak tre år tidlegare.

I retten vart obduksjonsrapporten hennar gjennomgått, og bistandsadvokat Kari Nordtun leste opp minneord.

Rafal var på Utøya saman med sin bror. Han blei også skoten, men blei treft i olbogen og overlevde.

I august blei det haldt ei minnestund på Dalane vidaregåande skule for Rafal, som blei gravlagd i Irak.

Her blei Rafal minna som livsglad og engasjert jente. Martha Svendsen var ei av dei som talte. (Les talen nedanfor)

Du var ei nydelig, uskyldig jenta med hele livet foran deg. Dette burde ikke ha skjedd. Ikke med deg, og ikke med noen.

Jeg tenker på deg og familien din. Vi vil aldri glemme deg og savner deg.Det gjør vondt å tenke på at jeg aldri mer får seg deg komme smilende mot meg igjen, med masse å fortelle.

Men jeg lover deg, Rafal. Du skal ikke ha dødd forgjeves. Vi nekter å la noen stoppe oss. Vi skal fortsette å kjempe for de verdiene du sto for i all fremtid.

Rafal, du betyr mye for oss. Vi er glad i deg, og jeg håper du har funnet fred der du er nå.

Martha Svendsen