Hopp til innhold

Leiter etter mann (50) i Egersund

Leitemannskap søker etter ein 50-år gamal mann som har vore sakna sidan laurdag kveld. Mannen blei sist sett på ein pub i Egersund sentrum.

Leiter med båt

Det blir søkt med båt i hamnebassenget etter ein 50 år gammal mann som har vore sakna sidan laurdagskveld.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Familien til den sakna 50-åringen melde inn ei uromelding til politiet første gong sundag kveld. Måndag ettermiddag hadde mannen framleis ikkje kome heim og politiet sette like etter klokka 12 i gang leiteaksjon i byen.

Johnny Madland

Johnny Madland, eigar av Pibbaren og Nelliken, fant lommeboka til 50-åringen i baren.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Mannen blei sist observert på puben «Pibbaren & Nelliken» i Egersund sentrum, seier Kjell Arild Sletthei i politiet sin operasjonssentral, som koordinerer leitearbeidet.

Dei vil med hjelp av frivillige konsentrera leitearbeidet i sentrumsområdet. Det er sett inn båtar som søker i hamnebassenget etter den sakna mannen.

– Han var i fin form

Eigaren av puben kor 50-åringen sist blei sett, Johnny Madland, fant lommeboka hans i baren måndag.

– Både dørvakta og bartenderen kan bekrefte at han var i fin form. Det er heilt forferdeleg at han er sakna, seier Madland.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.